Hopp til innhold

Fann igjen stjålet nettbrett i Sverige

Ei uheldig Ålesunds-kvinne mista iPaden sin på flyet frå London. Etter litt detektivarbeid dukka det stolne nettbrettet opp igjen i Sverige.

Ipad ble lansert 27. januar 2010

SENDTE UT SIGNAL: iPaden sendte ut signal om at det var i Sverige, dermed kunne svensk politi banke på døra og ta tilbake det som var sunnmørskvinna sitt.

Foto: Marcio Jose Sanchez / Scanpix/AP

På flyet mellom London og Oslo mista ei 30 år gamal kvinne frå Ålesund iPaden sin. Ho kontaktar flyselskapet, som leita om bord, utan at det dei finn noko.

Etter å ha gjort litt detektivarbeid på eigengan ringte kvinna laurdag til politiet og forklarte situasjonen. Dei jobba vidare med saka i løpet av dagen og bestemte seg for å kople inn politiet i Sverige.

For på flyet som gjekk vidare til Sverige etter stoppen i Oslo, var iPaden med. I hendene på ein tjuvaktig svenske.

Spora leia politiet til Sverige

Kvinna hadde aktivert lokaliseringsfunksjon på iPaden og hadde slik komme fram til at nettbrettet hennar var ein eller annan plass Nord for Stockholm.

Politiet i Gavleborg i Sverige vart beden om å hjelpe og seinare på kvelden gjekk dei til aksjon. Dei fann iPaden igjen hjå ein privatperson.

– Det er imponerande teknologi som gjer at me kan løyse denne saka på kort tid, seier operasjonsleiar Trygve Ødegård ved Sunnmøre politidistrikt til NRK.

Personen vart ikkje arrestert, men det er oppretta ei straffesak.

Nøgd med svenske kollegaer

Politiet i Ålesund synst det er flott at deira svenske kollegaer følgde opp sak, og er nøgd med korleis saka løyste seg.

– Det er slik det skal vere det. Og så har dei jo betre politidekning der borte, seier Ødegård, med eit smil.

– Hadde ein hatt ressursar til å følgje opp ei liknande sak?

– Det håpar eg, seier Ødegård.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL