Hopp til innhold

Involvert i fleire hendingar

I Kristiansund måtte politiet i natt rykke ut til ein utestad etter å ha fått melding om ein person som hadde blitt slått i ansiktet. Då dei kom fram til staden viste det seg å vere to personar som hadde slått til kvarandre. Dei to, som var i 20-åra, blei meldt for ordensforstyrring og vist vekk frå staden. Seinare på natta måtte politiet igjen rykke ut, denne gongen til eit hotell i Kristiansund sentrum, etter melding om at ein person hadde lagt ein annan i bakken. Mistenkte hadde sprunge frå staden, men politiet fekk seinare kontroll på mannen. Dette viste seg å vere ein av dei som blei vist vekk frå sentrum tidlegare på kvelden, Han blir meldt for dette forholdet også.