Hopp til innhold

Inviterer til møte

I dag har styringsgruppa for Stad skipstunnel invitert til eit møte om tunnelprosjektet i Oslo. Dit har dei mellom anna invitert stortingsrepresentantar og andre sentrale aktørar. Randi Humborstad, dagleg leiar i Stad Skipstunnel, håper dei no kan få ein garanti for prosjektet. – Når det ikkje kom pengar på statsbudsjettet i år, så er det nest beste vi kan håpe på er at vi får sju millionar i planleggingsmidler. I tillegg håper vi at vi kan få eit signal frå politikarane om at det vil kome oppstartsmiddel på statsbudsjettet i 2021, seier ho.

Randi Humborstad
Foto: Benedikte Grov / NRK