Hopp til innhold

Investerer i Hydro Sunndal

Hydro investerer 13 millionar kroner i ny teknologi ved smelteverket på Sunndalsøra.

Hydro Aluminium Sunndal

Hydro Aluminium Sunndal er i dag Europas største aluminiumsverk.

Foto: Roar Halten / NRK

Fabrikken i Sunndal er i dag Europas største aluminiumsverk, men Hydro ønsker å styrke verket ytterlegare for å møte krava frå framtidige marknad.

– Under nokre av omnane har vi sett opp ein spole som lagar eit magnetfelt slik at vi kan få straumar i det flytande metallet, seier Arnt Johnsen, støyperisjef ved Hydro Sunndal.

Det vil få fleire fordelar for bedrifta, trur han.

– Det førar til lågare driftskostnadar og vi kan auke produksjonen. I tillegg fører det til eit meir fullverdig produkt som vi kan selje til kundane våre, seier Johnsen.

Styrka posisjon

Eivind Mikalsen

Eivind Mikalsen er glad for at det bli investert i i ny teknologi ved smelteverket på Sunndalsøra.

Foto: NRK

Eivind Mikalsen, verkssjef ved Hydro Sunndal, er svært glad for satsinga på aluminiumsverket i Sunndal.

– Den investeringa vi no har fått er veldig viktig for oss. Det som er spennande innanfor aluminium er at vi forventar ein vekst mellom tre til seks prosent i løpet av ei tiårsperiode i forhold til bilnæringa, seier han.

– Denne investeringa vil dermed styrke vår posisjon spesielt innanfor bilnæringa, held han fram.