Hopp til innhold

Eksotiske smakar og rytmar på Aukra

Aukra har hatt ei storsatsing på busetnad av flyktingar og mangfaldet vert no vist fram i den første internasjonale veka i kommunen.

Internasjonal veke i Aukra

Folk frå 30 ulike nasjonar bur no på Aukra. Denne veka skal dei vise seg fram i Internasjonal veke.

Foto: Roar Strøm / NRK

I tillegg til dei 70 flyktningane som har vorte busett i Aukra kommune det siste halvanna året, har mange andre innvandrarar busett seg i kommunen. Rundt 30 nasjonar er no representert i øykommunen, og denne veka skal både smakar og rytmar visast fram.

– Det blir ei hektisk, men spanande veke, seier programrådgjevar Ann-Marie Hopson.

Afrikansk kokkekunst

Amima Marr

Amima Marr lagar kyllinggryte med peanøttsaus.

Foto: Roar Strøm / NRK

Mange spanande lukter kjem frå kjøkenet i kafeen til den første internasjonale veka nokonsinne i Aukra kommune. Over gryta, står Amima Marr, og det som skal serverast er ein afrikansk rett.

– Vi lagar ein rett med kylling og peanøttsaus, seier ho. Når ho er ferdig med afrikansk kokkekunst, skal ho på scena og opptre med sang og dans.

Dei må nemleg vere allsidige, dei som er med på den internasjonale veka, for det er mykje å vise fram frå heimlanda deira.

– Her er fantastiske ressursar

Ideen om å arrangere ei internasjonal veke

Internasjonal veke i Aukra

Maten var eitt av trekkplastera på internasjonal kafé på Aukra.

Foto: Roar Strøm / NRK

kom etter at Aukra har hatt ei storsatsing på busetnad av flyktningar.

– Den siste tida har Aukra busett massivt. 70 personar på 1,5 veke er ganske mykje, seier Aud Lisbeth Lillebostad, og legg til at kommunen også har ganske mange arbeidsinnvandrarar.

– Vi har rett og slett lyst til å vise alle dei fantastiske ressursane som finnast her.

Ein av dei er Selamot Tseheie, som synast internasjonal veke er ein fin måte å verte kjend med folk på.

– Dette er ein god måte for oss å bli integrert i samfunnet i Aukra på.

– Strålande måte å ta lunsjen på

Måndag har temaet vore Afrika, men kultur og mat forandrer seg kvar dag heile veka.

Mahmoud Omer

Mahmoud Omer gler seg til å oppleve skikkar frå andre land.

Foto: Roar Strøm / NRK

– Her er folk frå mange ulike nasjonalitetar, så dette skal bli spennande, seier Mahmoud Omer, som viser fram ei gamal afrikansk tromme.

Ein av dei som er innom for å kike, er Anne Kari Tinnesand, og det som har lokka henne mest, er maten.

– Eg jobbar rett her borte, så dette er ein strålande måte å ta lunsj på. Det er ein flott måte å bli kjent med nye mennekse, nye tradisjonar og ny mat på.

Det er Edith Nerbø heilt einig i. Ho synast det er kjempeflott å få sjå andre skikkar på Aukra.

– Dei er velkomne til landet vårt, seier ho.

Amima Marr

Frå kokk til sanger: Amima Marr viser fram mange sider av afrikansk kultur.

Foto: Roar Strøm / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL