Hopp til innhold

Alle studentane ville sjå Leo

– Heile Noreg er ei kø, fleipa Leo Ajkic, då han i dag var det store trekkplasteret for eit rekordstort frammøte på utvekslingsmessa i Volda.

Leo Ajdic Internasjonal Dag

Leo viste døme på ei 'norsk kø' då han delte sine erfaringar om Noreg og reiser til andre land.

Foto: Mariela Drabløs Brunstad

Kvart år arrangerer Høgskulen i Volda "Internasjonal dag", der studentane får dele erfaringar frå utvekslingsopphalda sine i andre land. Onsdag føremiddag var det ekstra godt oppmøte på grunn av ein heilt spesiell bergensar.

Bieber bryt mønsteret

Leo Ajkic har medverka i ei rekke TV-program, blant anna "Leo's reise" som blir vist på NRK. Bergensaren er opphavleg frå Bosnia, men måtte flykte til Noreg i 1994 grunna krigen på Balkan. Han har gjort sine erfaringar i det nye landet.

Leo Ajdic

Leo Ajdic var eit naturleg val som hovudtalar på utvekslingsmessa.

Foto: Høgskulen i Volda


– I Noreg kan alle å stå i kø. Heile Noreg er ei kø og 17. mai er ei organisert kø, sa Leo mellom anna.

Med ein humoristisk vri fortalde den bosniske TV-personlegheita vidare om skilnaden mellom nordmenn og folk frå andre stadar i verda.

– Av og til viser nordmenn seg som menneske, det er når Justin Bieber er her. Han er den einaste i Noreg som får køen til å bryte ut, seier han til latter frå publikum.


Ei viktig stemme for dei unge
Leiar for internasjonalt kontor ved høgskulen, Arne Humberset, fortel at bosniaren var eit naturleg val då dei skulle velje hovudtalar til arrangementet.

Arne Humberset

Arne Humberset, leiar for internasjonalt kontor ved Høgskulen i Volda.

Foto: Høgskulen i Volda


– Sjølv om han snakkar med ein humoristisk og underhaldande tone, har han ein fin undertone og viser alltid respekt for dei ulike landa han besøker. Han er ei viktig stemme for den unge generasjonen, seier Humberset.

Rekordhøgt frammøte

Internasjonal dag er eit årleg arrangement som skal synleggjere kor internasjonalt retta høgskulen er. Dagen vert brukt til å informere om utveksling og styrke partnarskap med universitet i heile verda.

Internasjonal dag

Det var rekordstort frammøte på 'Internasjonal dag'.

Foto: Høgskulen i Volda

Heile 20 land var representert på utveklsingsmessa og skulen fekk besøk av samarbeidsuniversitet i USA, Australia, Storbritannia, Nederland, Belgia og Hellas.

– Det har vore ein svært vellukka dag med fantastisk bra frammøte. Fleire hundre menneske har vore innom messa, og eg trur ikkje det har vore så godt frammøte nokon gong, seier Humberset.

På topp i utveksling

Indisk stand

Samarth Rao og Chaitra Acharya stod på indisk stand.

Foto: Mariela Drabløs Brunstad


Høgskulen i Volda skårar høgt på målingar over studentar som tek delar av studiet i utlandet.
– Heile 23 prosent av studentane reiser på utveksling i løpet av graden, seier Humberset.
Høgskulen har eit stort internasjonalt miljø med studentar frå ei rekke europeiske land samt andre stadar i verda. Fleire av desse deltok på messa, i tillegg til personar frå lokalsamfunnet og asylmottaket i Volda.