Hopp til innhold

Svært nær ein avtale

Nettstaden ESPN melder at berre den medisinske testen står att før Anders Lindegaard offisielt er Manchester United-keeper.

Anders Lindegaard.
Foto: Erlend Aas / Scanpix

Anders Lindegaard

Lindegaard kom til AaFK før 2009-sesongen.

Foto: Teigen, Trond Reidar / SCANPIX
Anders Lindegaard

Keeper-talentet har ein stor del av æra for at AaFK fekk tidenes beste plassering i eliteserien 2010.

Foto: DRESLING JENS / Ap
Anders Lindegaard

Fast grep om ballen. Lindegaard sa tidleg at han ville vekk frå Aalesund etter denne sesongen.

Foto: Hommedal, Marit / Scanpix
Anders Lindegaard

Lindegaard har truleg spelt sin siste kamp for AaFK. Alt tyder på at han om kort tid er reservekeeper i Manchester United.

Foto: Trond Reidar Teigen / Scanpix

ESPN er sikre på at berre formalitetar står att før avtalen mellom AaFK og Manchester United er signert. Fleire britiske media melder det same.

Intensjonsavtalen klar

Manchester United skal ha inngått ein intensjonsavtale med Aalesund om kjøp av Anders Lindegaard.

Hovudpersonen sjølv har is i magen og reiser til Geiranger på sesongavslutning med AaFK.

Målvakta skal slutte seg til United i januar, og kjem til å koste 3.5 millionar pund, skriv den engelske avisa The Guardian.

Reservekeeper

Lindegaard skal ha fått beskjed om at han er kjøpt inn som reserve for Edwin van der Saar.

Men han har også fått melding om at han etter kvart vil få sjansen til å etablere seg som førstekeeper.

AaFK-direktør Henrik Hoff stadfesta torsdag kveld til NRK at han var i Manchester for å forhandle om ein overgang for Lindegaard.

Redd for å stagnere

Anders Lindegaard kom til Aalesund før 2009-sesongen. Den danske landslagskeeperen annonserte tidleg at han ville vekk frå sunnmørsbyen etter denne sesongen.

Han trur han vil stagnere om han ikkje kjem seg vidare.

- Klar i neste veke

I dag skriv den danske Avisa Politiken at Lindegaard først trur kontrakten med United er klar til underskriving i neste veke.

Keepertalentet vil ikkje kommentere saka før kontrakten er klar, men seier likevel til danske Ekstra Bladet at det neppe skjer noko før måndag.

Difor reiser han i dag til Geiranger på den tradisjonelle sesongavslutninga saman med lagkameratane i AaFK.