Innvandring held oppe folketalet

Det er innvandring som framleis held oppe folketalsauken i Møre og Romsdal. Det framgår av fylkesstatistikken som blei lagt fram i dag. Folketalsveksten er størst i Ålesund og nabokommunane, i tillegg til Ulstein og Aukra.

Fødselstala i Møre og Romsdal er historisk låge. I kombinasjon med fråflytting av unge vaksne gjev dette ei svært sårbar folketalsutvikling i Møre og Romsdal, framgår det av kommentardelen i statistikken.

Vanylven, Stordal, Norddal, Sande, Nesset, Sunndal. Tingvoll, Surnadal og Halsa har nedgang i folketalet.

Samla auka folketalet i Møre og Romsdal med 7,6 prosent, medan auken på landsplan har vore på 11 prosent dei siste ti åra.

Folketalsutvikling
Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune