Hopp til innhold

Inntil 40 kan miste jobben i Molde

Mellom 30 og 40 tilsette ved posten sin terminal i Årødalen i Molde mistar truleg jobben.

Posten Molde

Inntil 40 miste jobben ved posten sin terminal i Årødalen i Molde.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Det skjer etter at transportkomiteen på Stortinget i dag foreslo at Posten bør kutte ut A-post for å spare pengar.

Vedtaket skal opp i Stortinget 29. november, der dei skal fatte eit endeleg vedtak. Men ifølge VG vil vedtaket frå komiteen bli ståande. Dersom det skjer kan inntil 40 miste jobben ved posten sin terminal i Årødalen i Molde.

– Posten held framleis på med kartlegging for å sjå kven ein kan finne nye jobbar til, men truleg blir mellom 30 og 40 råka, seier Knut Marius Lydvo, nestleiar i kretsstyret for Postkom.

– Men vi ventar til den formelle innstillinga den 29. november for å få ei endeleg bekrefting, held han fram.

A- og B-post blir samla

Innstillinga frå transportkomiteen inneber at ni brevsorteringsterminalar i Norge skal sentraliserast til tre, og 550 mistar dermed jobben i Trondheim, Molde, Stavanger, Bergen, Evenes og Stokke. Brevsorteringa vil bli sentralisert til Austlandsterminalen på Lørenskog, i Bodø og Tromsø.

At A-posten blir kutta vil du merke på følgjande måte: Bruker du A-post kan du i dag sende eit brev og få det fram over natta. B-post brukar tre dagar. Når A- og B-post no blir slått same, vil det derimot ta to dagar før brevet kjem fram.

Men forslaget er ikkje noko nytt. Allereie i april blei det kjent at Posten blant anna ønska å slå saman A-og B-post og legge ned dei seks sorteringsterminalane.

– Det var venta, men det er sjølvsagt trist at folk mister jobben, seier Lydvo.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL