NRK Meny

Inntektsauke Atlanterhavstunnelen

Atlanterhavstunnelen mellom Kristiansund og Averøy har tatt inn vel 880.000 kroner meir til no i år enn på same tid i fjor, skriv Tidens krav. Inntektsauken har kome trass ein liten nedgang i trafikken i denne perioden. I alt er det kravd inn vel 30 millionar kroner i bompengar på Altanterhavsvegen så langt i år.