Hopp til innhold

Innstilte flyavgangar

Også tysdag morgon ser det ut til å vere vanskar med flytrafikken, med ei rekkje forseinka og innstilte flyavgangar.

Avising av fly på Gardermoen

Det har vore vinterlege forhold på Gardermoen som har vore årsaka til vanskane i flytrafikken dei siste dagane.

Foto: Cornelius Poppe / SCANPIX

På Vigra er Norwegian si rute til Oslo klokka 7 innstilt. SAS-flyet til Bergen, som skulle gå 7.15, er sett opp med ny tid til klokka 9.00.

I Molde er SAS-flyet til Oslo 6.45 innstilt. Der går det imidlertid eit litt forseinka Norwegianfly klokka 7.10.

På Ørsta/Volda lufthamn har 7.05-flyet til Bergen fått ny avgangstid. Det flyet skal gå klokka 08.00.

I Kristiansund er det førebels ikkje meldt om noko forseinkingar.

Ut på formiddagen ser det ut til at dei fleste avgangane blir avvikla utan særlege vanskar.