Innstilte ferjer

Fjord1 opplyser at dei har innstilt alle ferjene på ruta Haried-Sulesund. Ferjene er sendt til Solavågen ferjekai for å sette i land bilane fordi dei ikkje kan legge til på Sulesund. Det seier regionleiar Jan Petter Jagedal Thomsen til NRK. Dårleg ver gjer at ferjene i sambandet Hareid – Sulesund ikkje kan legge til på Sulesund. Bilferja Hadarøy øydela ein lyktestolpe på Sulesund då den prøvde å legge til kai tidlegare i ettermiddag. Fjord1 opplyser at det ikkje skal ha oppstått skadar om bord i samband med samanstøyten, verken på folk eller bilar.

Ferge har problemer med å legge til kai ved Sulesund.
Foto: Olav Myklebust