NRK Meny

Innstilt ferje og steng veg

På europaveg 39 er ferjestrekninga Festøya-Solavågen innstilt på grunn av dårleg vêr. Den blei innstilt frå klokka 03.40. Det kan vere då vinden var som sterkast, for i same periode blei det meldt at blekkplater, papp og delar av ein vegg på to næringsbygg i Sunndal låg i vegbana. Riksveg 70 blei stengt to stader på grunn av dette.