Hopp til innhold

Lovar dramatiske bilscener og svidd snø

Denne veka starta innspelinga av «Børning 2» på Sunnmøre. Produsenten garanterer mange dramatiske scener i verdas første bilfilm på vinterføre.

Børning 2 innspilling

Under innspeling: Marie 'Ingrid' Blokhus kjeftar på Anders 'Roy' Baasmo Christiansen.

Foto: Emilie Gjengedal Vatnøy / NRK

Bildekk som kvin, rusa motorar og filmfolk som ropar og peikar i alle retningar pregar kaia ved Mjølstadneset i dag. Skodespelarar og statistar er samla for å ta del i starten av innspelinga til bilfilmen «Børning 2». Forgjengaren «Børning» vann Amanda-prisen for beste norske film i fjor.

– Det er kjekt å kome i gong med innspelinga, og eg trur det er ein sjanse for at denne filmen kan bli enda betre enn forgjengaren.

Produsent John M. Jacobsen.

«Once in a lifetime»

Trass kraftig vind og kulde har fleire titals statistar møtt opp for å ta del i dei fyrste scenene. Ein kompisgjeng står klar til å skubbe i gong ein Ford Mustang som «Roy» spelt av Anders Baasmo Christiansen ikkje får start på. Dei har venta tolmodig i fleire timar, men er likevel ved godt mot.

børning 2 statist

William Thorseth (18) viser fram sin Volvo 240 som er med i filmen.

Foto: Emilie Gjengedal Vatnøy / NRK

– Det er ikkje kvar dag ein får vere med i ein storfilm, så dette er «once in a lifetime», seier Marius Børreson.

– Det vert veldig spanande å sjå resultatet, sjølv om det berre er for nokre sekund. Det trur eg dei fleste er einige i.

Kameraten, William Thorseth (18) er aktiv i bilmiljøet i Fosnavåg og stiller opp som statist med ein Volvo 240 som han kjøpte like før jul.

– Det er gøy å vere med, men jævlig kaldt!

Dei lokale statistande var med på innspelinga av «Børning 2» i Fosnavåg i dag.

Fleire lokale statistar fekk vere med på innspelinga i Fosnavåg. Foto: Frode Berg

Starta innspelinga på Sunnmøre

Den vakre naturen på Sunnmøre er ein av grunnane til at filmteamet har valt å legge starten av filmen til Fosnavåg, men i sjølve handlinga kjem det fram som ei rein tilfelle.

Børning 2 Anders

I full fart: Anders Baasmo Christiansen klamrar seg fast på panseret i det bilen susar forbi kameraet.

Foto: Emilie Vatnøy / NRK

– Filmen handlar om eit stort billaup. Gutane kastar dartpilar på eit kart i starten av filmen og løpet endar opp med å gå frå Fosnavåg til Murmansk i Russland, forklarar produsent, John M. Jacobsen.

Tidlegare er det sagt at «Børning 2» er eit billaup på vinterføre med glatte vegar. Det spelar likevel ingen rolle at det ikkje er is og snø i Fosnavåg.

– Det tek ikkje lang tid før vi kjem ut for snø og isete vegar i filmen, så det blir mange dramatiske situasjonar undervegs, lovar produsenten.

– Kjenner meg heime her

11 tøffe bilar av ulik type og fasong prydar kaia i Fosnavåg. Dei lokale statistane skaper ei god atmosfære i filmen.

– Vi er så heldige å ha med mange lokale statistar i desse scenene og det gjer det heile ekstra kjekt, seier skodespelar Marie Blokhus.

pause børning 2

Marie Blokhus tek seg ei velfortent pause på settet. Her saman med produsent John M. Jacobsen.

Foto: Emilie Gjengedal Vatnøy / NRK

Ho er i gong med ei scene saman med hovudkarakter, Anders Baasmo Christiansen.

– «Roy» har det med å rote til ting for seg sjølv, og no prøver vi å takle den situasjonen, forklarar ho og held fram at ho trivs godt på settet, sjølv om det er i kaldaste laget.

– Eg kan ikkje hugse å ha vore på Sunnmøre før, men denne staden og naturen her minner meg om heimstaden min, så eg kjenner meg veldig heime her, seier Blokhus.

Sjå video frå innspelinga her:

Innspillinga av filmen Børning 2 er i full gang i Herøy.
Der dukket også Otto Jespersen opp. Det så utenkelig ut på slutten av den første filmen.

Sjå tv-saka frå innspelinga.