Hopp til innhold

– Det har vore veldig tunge dagar heilt sidan mars

Koronakrisa har gitt fengselsinnsette ein enda meir isolert kvardag. Tillitsvald ved Hustad fengsel saknar informasjon om når dei kan få besøk igjen.

Hustad fengsel

HUSTAD FENGSEL: På open avdeling i Hustad fengsel er det eigentleg 32 innsette. Men no er det berre 14 igjen, og alle bur på kvar sitt rom. Dette er for å hindre smitte av koronaviruset.

Foto: Sara Lovise Roaldseth / NRK

– Det har vore veldig tunge dagar heilt sidan mars. Eg veit ikkje når eg får treffe familien min igjen, då blir alt mykje tyngre, seier ein innsett ved Hustad fengsel i Romsdal.

Har klaga

Mannen ønskjer ikkje at vi skriv kva han heiter, men han er tillitsvald for open avdeling ved Hustad fengsel. Den 28. april sende han ein klage til Kriminalomsorgsdirektoratet, fordi dei vedtok å forlenge vedtak om permisjon- og besøksforbod.

– Eg trudde at vi kunne få lov til å få besøk igjen etter første mai. Men ni timar før vedtaket gjekk ut, fekk vi munnleg beskjed om at vedtaket blir vidareført, seier han.

Han har hatt besøk frå familie og vener kvar veke dei to åra han har vore i fengsel. Ein gong i månaden kunne han også reise heim eit par dagar på permisjon. No kan han ikkje det lenger.

– Eg merker det på stemninga i fengselet. Det blir fort krangling mellom innsette, seier han.

Åpen avdeling ved Hustad fengsel

OPEN AVDELING: Mannen soner på open avdeling ved Hustad fengsel. Det betyr at dei innsette står friare til å til dømes ta seg ein tur ut for å lufte seg på området til fengselet.

Foto: Sara Lovise Roaldseth / NRK

Forstår situasjonen

Leiaren for Hustad fengsel seier han har stor forståing for at dette er ein vanskeleg situasjon for dei innsette, men at dei har gitt den informasjonen dei har hatt til ein kvar tid.

– Vi har delt all informasjon som vi har fått sentralt, seier leiaren, Frode Erlandsen.

Han har ikkje fått tilbakemelding på at det skal vere dårlegare stemning blant dei innsette no. NRK har tidlegare meldt at det er fleire som er bekymra for den mentale helsa til dei innsette.

Vanskeleg situasjon

Kriminalomsorgen sa opphavleg at besøk og permisjonsforbodet skulle gjelde fram til juni, men no vil dei komme med nye tiltak den 8. mai.

– Vi vil få på plass nye reglar om straffegjennomføring, innkalling, innsetting i fengsel, permisjonar og frigang den 8. mai. Om dei innsette kan få besøk, blir først bestemt i midten av mai, seier direktør i Kriminalomsorgsdirektoratet, Lise Sannerud.

Kva tid dei innsette får ta i mot besøk, kan altså ikkje kriminalomsorga svare på, anna enn at dei arbeider med å få dette til.

– Vi vil ikkje kunne opne heilt opp, men vi jobbar med løysingar slik det er mogleg å ta i mot besøk med omsyn til smittevernreglane, seier Sannerud.

Vil skryte av Hustad fengsel

Sjølv om den innsette har opplevd desse månadane som vanskelege fordi han ikkje får sjå familien, vil han også gi skryt til Hustad fengsel.

– Dei tilsette her har vore flinke til å aktivisere oss. Dei har tatt oss med ut på turar i skog og mark. Det set eg stor pris på seier han.

Frode Erlandsen

STOR BELASTNING: Leiaren for Hustad fengsel forstår at tiltaka dei har sett i verk er belastande, men han seier også at også dei som ikkje sit i fengsel føler seg meir isolerte i den perioden vi er inne i no.

Foto: RIR

Leiaren for fengselet seier dei har sett i gong ein rekke tiltak for å betre situasjonen for dei innsette.

– Vi har kjøpt inn iPadar, slik dei kan snakke med familien med video. Vi har også gitt dei gratis ringetid, dette har dei måtte betale for før, seier Erlandsen.