
Pål Haugstad
Laurdag blei politiet tilkalla for å fjerne to ekskluderte medlemer frå eit møte i Ålesund og Omegn Pensjonistparti. Politiet blei varsla fordi ein frykta slåssing.
Fylkesleiar Pål Haugstad seier dei no skal halde informasjonsmøte for å fortelje folk om partiprogrammet og kva partiet står for.
For det trengst nok fokus på politikken. Dei siste åra har det vore mykje bråk i Pensjonistpartiet her i fylket. Medlemer har blitt eksluderte og skuldingane har hagla. Noko leiar i Pensjonistpartiet, Johnny Jacobsen, har merka seg. No vil Jacobsen hjelpe fylkespartiet før stortingsvalet. Pål Haugstad innser at det kan trengast.
Enden kan bli at Jonny Jacobsen stiller på stortingslista i Møre og Romsdal. Han vi no fortelje kva partiet står for politisk.
Fylkesleiar Pål Haugstad vil helst ha folk frå Møre og Romsdal på lista, men han forstår det kan bli aktuelt med hjelp dersom dei ikkje får det til.