Hopp til innhold

Inngår ekteskap dersom Nordøyvegen kjem

Haram og Sandøy kan bli ei kommune, men ser heller ikkje vekk ifrå å slå seg saman med storkommunen der Ålesund er med. Valet fell på om Nordøyvegen kjem eller ikkje.

Sandøy Haram

Ordførarane i Sandøy og Haram kommune er fornøgde med intensjonsavtalen og jobbar no ut ifrå at Nordøysvegen fell på plass.

Foto: Emilie Gjengedal Vatnøy / NRK

– Vi er naboar og kjenner kvarandre godt. Det vart difor naturleg for oss å gå saman med Haram kommune, seier Sandøyordførar, Oddvar Myklebust.

Det planlagde Nordøysambandet vil føre Sandøy nærmare Sunnmøre. Resultatet kan bli ei samanslåing med Haram, men dei to kommunane kan også ende opp i ei stor regionkommune der Ålesund er med.

– Om vi vert ei kommune eller om vi går saman med ein regionskommune, er for tidleg å seie. Eg er sikker på at vi kjem til å bli slått saman i ein eller annan form, seier ordførar i Haram kommune, Vebjørn Krogsæter.

Les også:


Nordøyvegen avgjer

Oddvar Myklebust

Ordførar i Sandøy kommune, Oddvar Myklebust

Foto: Emilie Gjengedal Vatnøy / NRK

Ordførarane kan ikkje seie noko om kva slag avtale som er mest realistisk enno, men for Sandøy er det ikkje aktuelt å stå åleine.

– Vi vert for små når det gjeld dei kommunale tenestene, seier Myklebust.

Om Nordøyvegen kjem eller ikkje, spelar ei viktig rolle for intensjonsavtalen mellom Sandøy og Haram.

– Vi jobbar ut ifrå at Nordøyvegen kjem, men ifølge intensjonsavtalen blir ikkje samanslåinga noko av dersom den vert droppa. Då har dei heller ikkje noko nytte av oss sørover, seier Myklebust.

Les også: Nå føler vi oss trygge på at Nordøyvegen blir bygget.

Usemje i Sandøy

Sandøy kan risikere å miste tre av øyene i kommunen. Ona, Orta og Sandøy vil ikkje vere ein del av ei større sunnmørsk kommune.

Krogsæter

Ordførar i Haram kommune, Vebjørn Krogsæter.

Foto: Emilie Gjengedal Vatnøy / NRK

– Innbyggjarane på øyene kjenner seg meir som romsdalingar enn sunnmøringar, men dei vil ikkje bli meir sunnmøringar av å vere ein del av ei større regionskommune, meiner Myklebust.

Kommunen har betalt firmaet, Nordplan 100 000 kroner for å utarbeide ein rapport som skal trekke fram fordelar og ulemper for øyene ved å bli i kommunen.

– Det vil vere ein nøytral rapport som innbyggjarane kan lese og ta stilling til. For oss er det viktig at dei tre øyene følgjer med inn i ei ny kommune. Det står eg knallhardt på.

Sandøy kommune kan miste mykje viktig sjøområde i tillegg til ei erverdig kyrkje som betyr mykje for kommunen.

Grunnlag for turisme og nye næringar

Haramordføraren er positiv til begge avtalar, men det er færre ubesvarte spørsmål i intensjonsavtalen mellom Haram og Sandøy enn avtalen med regionskommunen.

– Eg ser ingen utfordringar med å slå saman Haram og Sandøy. Det er naudsynt for Sandøy og det kan skape eit godt grunnlag for turisme, nye næringar og større folketal, seier Krogsæter.