Hopp til innhold

Innføringa av miljøferjer har sine utfordringar

I løpet av dei komande fire åra skal åtte ferjekaier i fylket rustast opp med anlegg for ladestraum for å kunne ta i mot den nye generasjonen miljøferjer.

Ny miljøferge fra Fiskerstrand Verft

Fiskerstrand verft ligg langt framme i bygginga av nye og meir miljøvenlege ferjer. Dei kan kome til å trafikkere på eit eller fleire av dei fire sambanda som først får ladestasjonar.

Foto: Fiskerstrand Verft

– Ferjeanboda går ut på løpande band, og vi ønskjer å ha god tid fram til oppstart, når det gjeld miljøløysingar. Felles straumframføring, for eksempel, seier Magne Hanestadhaugen i samferdselsavdelinga.

Den første elektriske ferja skal vere i drift i sambandet Hareid - Sulesund frå 2019. Samferdselsavdelinga jobbar no opp mot både nettselskap, reiarlag og vegvesenet.

I fellesskap planlegg dei korleis ein skal få straumen fram til ferjekaiene. For dei nye elektriske ferjene må ha mykje straum i løpet av den korte tida dei ligg og slepp bilar av og på.

– Vi har ei utfordring med at ferjesambanda ligg i utkanten av straumnettet, med andre ord har vi store straumbehov der straumnettet er svakast, seier Hanestadhaugen.

Jesper Wiig og Magne Hanestadhaugen

Jesper Wiig og Magne Hanestadhaugen i samferdselsavdelinga jobbar tett opp mot både reiarlag, nettselskap og vegvesenet for å førebu forholda for dei nye miljøferjene.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Straum til ferjekaiene er ei utfordring

Det er altså åtte ferjekaier i Møre og Romsdal som dei neste fire åra skal få straumforsyning for å kunne lade hybridferjer eller heilt elektriske ferjer.

I tillegg til Hareid - Sulesund kjem Aursnes - Magerholm først i køa. Deretter følgjer Seivika-Tømmervåg og Edøya-Sandvika. Det vil koste fleire hundre millionar kroner å få nok straum fram til desse ferjekaiene. Fylkeskommunen må i siste omgang ta rekninga men får mykje statleg støtte gjennom Enova.

– Slik straumnettet ser ut i dag, kan vi ikkje direktelade frå nettet, men må bruke batteribankar. Men teknologien utviklar seg raskt, understrekar Hanestadhaugen.

Ladinga tar tid

Kundane, passasjerane og dei reisande kan og få merke på avganane når ferjene byrjar å gå på straum. I dag er det kor lang tid det tar å tømme og fylle ferja med bilar som avgjer kor hyppige avgangane er.

– I framtida kan det vere ladetida som avgjer kor lenge ferja må ligge til kai. Og kor lang tid det er varierer frå samband til samband.Det er ulikt energibehov på dei ulike sambanda.

Ei «topplading» kan skje om natta, men energiforbruket er så stort at batteria blir tappa og treng lading etter kvar tur - slik teknologien er i dag.

Ferjekai

Sambandet Seivika-Tømmervåg er blant dei første som får ladestasjonar og nye miljøferjer.

Foto: Roar Halten / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL