Problema med inneklimaet på den heilt nye Atlanten ungdomsskole i Kristiansund er enno ikkje løyste, og dette er nærmast førstehjelp, seier rektor Einar Lilleby.
Dårleg luft
Det har vore store problem med inneklimaet på den nye Atlanten ungdomsskole, som blei opna i fjor haust.
Både elevar og tilsette har hatt mykje sjukefråvær på grunn av det dårlege inneklimaet. Målingar har bl.a. vist at lufta inneheld altfor mykje støv og CO2, og ho er også altfor tørr.
Det er elevar med astma og allergi som er mest plaga av den dårlege innelufta. Somme har gått glipp av mykje undervisning fordi dei har vore sjuke.
- For tiandeklassingane nærmar no eksamen seg, og det må gjerast noko slik at dei kan ta igjen noko av den undervisninga dei har tapt, seier Einar Lilleby. Derfor skal dei frå i dag få undervisninga si på den snart 90 år gamle Allanengen skole.
Rektor Einar Lilleby opplyser elles at helsestyresmaktene også er kopla inn i arbeidet med å få orden på inneklimaproblema ved Atlanten ungdomsskole. - No må vi komme til botns i dette, seier han.
Atlanten ungdomsskole. Foto: Roar Strøm, NRK Møre og Romsdal