Hopp til innhold

–Det er uheldig at skuledagboka vart delt ut

Fylkesutdanningssjefen beklagar at elevane har fått ei skuledagbok med ei halvnaken kvinne på framsida. No inndreg han bøkene som ikkje er delt ut.

MONTASJE

PROVOSERT: Denne skuledagboka har provosert både elevar og lærarar på grunn av framsidebiletet.

Foto: MONTASJE

Sverre Hollen

Fylkesutdanningssjef Sverre Hollen beklagar at elevkalenderen vart delt ut på skulane.

Foto: Omar Sejnæs / NRK

Både elevar og lærarar har blitt provosert av elevkalenderen for Møre og Romsdal. Elev Lise Knudsen ved Akademiet i Ålesund vart rett og slett sint då ho fekk dagboka. På framsida er det reklame for ein klesbutikk, der den kvinnelege modellen berre er iført ein shorts.

– Shortsen hennar er open og bretta ned. Kva er det ho reklamerer for? Det er i alle fall ikkje klede, seier Knudsen.

Har skjedd ein glipp

Fylkesutdanningssjef Sverre Hollen seier det er uheldig at boka har blitt distribuert. Han meiner det er uhøyrt å ha den type framsidebilete i ein elevkalender. Etter opplæringslova skal materiell som elevane får delt ut, vere fritt for reklame.

– Det har skjedd ein glipp sidan boka har eit offentleg godkjent preg med ei helsing frå Kunnskapsministeren, seier Hollen.

Dreg inn bøkene
Lise Knudsen

Lise Knudsen er ein av dei som synest framsidebiletet var upassande.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Det er Det Skandinaviske Medieselskapet som står bak skuledagboka. Vidaregåande elevar og studentar i heile landet får delt ut boka i 30 ulike versjonar. Forlaget forstår at elevar reagerer på den versjonen som er sendt ut i Møre og Romsdal.

– Vi vil vere minst mogleg kontroversielle og skal sørge for at slikt ikkje skjer i neste års utgåve, seier Torstein Solheim i Det Skandinaviske Medieselskap.

Det er trykt opp 5000 eksemplar av typen som er delt ut i Møre og Romsdal. No vil fylkesutdanningssjefen inndra dei bøkene som ligg att og har sendt ut melding til rektorane.

Bryt lova

Høgskulelektor Kari Hasle ved Høgskulen i Volda har også blitt provosert over skuledagboka. Ikkje berre reagerer ho på framsidebiletet, men også at boka elles er full av reklame. Ho meiner at skuledagboka er eit klart brot på opplæringslova.

– Dette er eit reklamemateriell som opplæringslova skal beskytte elevane mot. Det som gjer denne saka så alvorleg er Kunnskapsministeren si helsing. Den gir inntrykk av at boka er eit offisielt produkt, seier Hasle.

I ein kronikk i NRK Ytring etterlyser ho ein debatt om den aukande kommersialiseringa i skulen. Les kronikken her.

Grundig vurdering

I eit svar til NRK skriv kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen at bakgrunnen for at han skreiv ei helsing i skuledagboka var at han prøvar å nytte seg av mange ulike kanalar for å nå ut til ungdomen.

– Eg takka difor ja til å skrive ei helsing i ei skuledagbok som eit privat firma lagar, fortel Isaksen.

Torbjørn Røe Isaksen
Foto: Aas, Erlend / NTB scanpix

Vidare påpeikar han at skuleeigar sjølv kan nekte å dele ut boka på skulane, og at helsinga has til elevane ikkje endrar det. Likevel er han ikkje sikker på om han ville sagt ja neste gong.

– Når eg ser korleis skuledagboka har blitt, særleg med tanke på nokre av annonsane, vil eg vurdere det grundig dersom eg blir spurt om å skrive ei helsing også neste år, seier kunnskapsministeren.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL