Politet pågreip mannen seinare, og i dag blir han framstilt for varetekt.
Fælt syn
Avdelingssjef for distriktpsykiatrisk avdeling, Anders Plassen, seier det var eit fælt syn som møtte dei på jobb i går med øydelagde dører, oppbrotne vindauge, fliser og mykje rot.
Ti dører blei øydelagde. Dørene er kostar mellom 5000 og 10.000 kroner kvar fordi dei er lydtette og brannhemmande.
Innbrotsmannen tok seg inn gjennom eit vindauge og han fekk med seg fem datamaskinar.
Gøymde datautstyr under tre
Leiar for etterforskingsavdelinga hos politiet i Kristiansund, Kristian Gundersen , seier tjuven blei pågripen i ein bil der han hadde tjuvgods med seg.
Datautstyret hadde han gøymt under nokre tre i terrenget ikkje så langt frå åstaden. Der var det naturleg nok blitt vått.
Til alt hell virkar datautstyret framleis, og i dag er drifta delvis i gang att ved poliklinikken. Mange har likevel fått utsett timar og må vente endå lenger på behandling, og det er uheldig seier avdelingsleiar Anders Plassen.