Hopp til innhold

To personar er arrestert etter innbrot i Molde

I timevis søkte politiet etter to mistenkte etter eit innbrot i Molde natt til måndag. No er to rumenske statsborgarar arresterte.

Bil køyrde av vegen etter møte med politipatrulje etter innbrot i Molde.

KØYRDE AV VEGEN: Etter å ha møtt ein politibil køyrde bilføraren av vegen og stakk frå staden. No har politiet arrestert to mistenkte knytt til innbrotet i Molde natt til måndag.

Foto: Ottar Rydjord

Tysdag morgon opplyste politiet til NRK at den andre mistenkte etter innbrotet i Molde er arrestert. Dette skal ha skjedd like før midnatt.

– Då blei det funne ein person som gøymde seg i terrenget i Rauma, seier Erik Dyb ved politiet sin operasjonssentral i Møre og Romsdal.

Den første blei arrestert måndag ettermiddag. Dei to er no sikta for bilbrukstjuveri og grovt innbrot. Begge er rumenske statsborgarar i 30- og 40-åra som kom til landet eit par dagar før innbrotet.

I avhøyr har dei innrømt at dei var med på innbrotet, men dei har ikkje vore villige til å røpe kvar dei har gjort av tjuvegodset.

Av omsyn til den vidare etterforsking, ønsker ikkje politiet å gå inn på kor store verdiar som har blitt stole frå urmakarforretninga.

Ber folk sjekke hytta

No ber politiet om hjelp frå publikum. Konkret vil dei vil ha tips om nokon har sett den stolne bilen som skal ha blitt brukt i innbrotet, ein blå BMW med registreringsnummer YE 87823.

Dei ber også hytteeigarar i området Holm-Holmemstranda-Kvasstinden om å sjekke om dei har hatt innbrot på hytta. Politiet kan ikkje utelukke at fleire personar har vore involvert i innbrotet. Dei prøver no å kartlegge om dei sikta har hjelparar som ikkje var med i bilen.

– Vi har framleis folk i Rauma. Vi har ein potensiell åstad der og vil prøve å få eit betre overblikk når det blir dagslys. Åstaden kan vere stor sidan det gjekk ein del tid før dei to blei funne, sa Dyb tysdag morgon.

Mistenkt for innbrot

Måndag morgon blei det starta eit omfattande søk i området mellom Isfjorden og Langfjorden i Rauma etter at ein bil køyrde av vegen ved Holmemstranda.

– Ein patrulje var på veg til Molde, etter innbrotet i ein urmakarbutikk, då dei møtte ein bil som likna på den som hadde blitt observert i samanheng med innbrotet. Dei forsøkte å stoppe bilføraren som i staden køyrde av vegen, sa Arild Reite, operasjonsleiar i Møre og Romsdal politidistrikt til NRK måndag morgon.

Personane i bilen stakk så frå staden og forlèt bilen ute på eit jorde. Politiet mistenker at bilen har ein samanheng med innbrotet i Molde natt til måndag.

Ein bil av same type blei observert i nærleiken av innbrotet. Bilen skal ifølge Romsdals Budstikke ha blitt stolen frå ei adresse i Molde.

Politiet vil så langt ikkje seie noko om det blei funne tjuvegods i bilen.

Politiet søker etter mogleg innbrotstjuv i Rauma.

Fleire patruljar frå politiet søkte måndag etter personane som stakk frå bilen.

Foto: Ottar Rydjord

Omfattande søk

I timevis blei det søkt etter dei to som stakk frå bilen. Politiet sette inn store ressursar i søker og det blei brukt både drone, hundar og mannskap frå politiet.

Måndag ettermiddag fekk politiet også hjelp av politihelikopteret frå Oslo i søket.

Dei mistenkte blei observert på avstand fleire gongar før dei til slutt blei arrestert.

Bad folk om å låse bilar

På eit tidspunkt bad politiet folk i området om å låse dører og bilane sine.

– Vi har nokon som går rundt der. Om dei finn ein open bil er det mykje lettare å stikke av, sa operasjonsleiar Arild Reite til NRK

Innbrot i urmakarbutikk

Parallelt med søket i Rauma blir det jobba med etterforsking av innbrotet i Molde.

Innbrudd Urmaker Jermstad i Molde.

Måndag morgon var politiet er i gang med undersøkingar etter innbrotet.

Foto: Roar Strøm / NRK

Det var natt til måndag at nokon braut seg inn i ein urmakar i Molde sentrum. Innbrotet skal truleg ha skjedd i 03.00-tida.

Det er så langt uklart kva og kor mykje det er som er stole.

– Omfanget er så langt uklart, sa Leif Arne Mork, operasjonsleiar i politiet til NRK måndag morgon.

Innbrot hos Urmaker Jermstad i Molde

I løpet av natt til måndag har nokon brote seg inn ved ein urmakar i Molde.

Foto: Tipser