Hopp til innhold

Innbrot i Skarbøvika

To personar braut seg inn i ein bustad i Skarbøvika fredag morgon.

Innbrot i Skarbøvika

Dei to skal ha knust eit vindauge for å kome seg inn i bustaden. Det skal ikkje ha vore nokon heime då innbrotet skjedde.

– To menn vart pågripen i ein bil like ved staden, seier Per Åge Ferstad, operasjonsleiar ved Sunnmøre politidistrikt.

Mennene, som skal vere kjenningar av politiet, hadde stole tv- og stereoutstyr frå bustaden i Skarbøvika.

– Det vil bli gjennomført avhøyr av dei to i løpet av dagen, seier Ferstad.