Innbrot i næringsbygg

Det har vore eit innbrot i Torvmyrvegen i Volda i går, ifølge politiet. Bygget blir kalla skyttarhuset, og blir brukt som lager. Gjerningspersonen skal ha fått med seg sikkerheitsutstyr og ein radiostyrt bil.