Hopp til innhold

Innbrot i Molde

Tysdag kveld vart det gjort innbrot i fleire kjellarbuer i Molde.

Politi

Tysdag kveld vart det gjort innbrot i fleire kjellarbuer i Molde.

Foto: Yngve Tørrestad / NRK

Det var i 21.30-tida tysdag kveld at Nordmøre og Romsdal politidistrikt sette i gang med undersøkingar ved Røysan i Molde etter at det vart meldt om innbrot i fleire kjellarbuer.

Politiet gjorde også undersøkingar knytt til eit mogleg innbrot ved Reknes ungdomshus i Molde.

– Der fann vi dei stolne gjenstandane frå Røysan i nokre baggar plassert inne i skogen bak ungdomshuset, seier Frode Gjøsund, operasjonsleiar i Nordmøre og Romsdal politidistrikt.

Eigendelane vart så levert tilbake til eigarane.

Politiet har så langt ingen mistenkte i saka.