Hopp til innhold

Innbrot i Kristiansund

Det har skjedd eit innbrot på kinoen i Kristiansund. Politiet er på staden for å gjere åstadsundersøkingar. Operasjonsleiar i politiet seier til NRK at innbrotet truleg har skjedd i løpet av natta. Ei rute ved kinoen er knust. Politiet veit så langt ikkje om noko har blitt stole.

Innbrot Kristiansund kino
Foto: Eirik Haukenes / NRK