Hopp til innhold

Innblikk i gammal historie

Dei siste vekene har skuleelevar frå Ulstein, Herøy og Sande fått eit innblikk i gammal kysthistorie på Ytre Søre Sunnmøre.

Elevar frå Ulstein ungdomsskule på tur til Borgarøya og Flåværleia for å lære om kystkultur

Elevar lærer om kystkultur mellom anna på Borgarøya utanfor Ulsteinvik. Foto og redigering: ARNE FLATIN

Ulstein-elevar på Borgarøya

Ulstein-elevar på Borgarøya.

Foto: Asbjørn Vattøy / NRK

Prosjektet er ein del av Sunnmøre museum si 1814-satsing og elevane i Ulstein tok turen til Borgarøya, den gamle handelsstaden, som ligg berre ein liten båttur unna Ulsteinvik sentrum.

Stor drift for 200 år sidan

For 150-200 år sidan var det fast handel på Borgarøya. Faktisk var det handel frå 1600-talet til cirka 1880. Handelstaden hadde på det meste 17 ulike bygningar.

Ingvill Wille som er formidlar seier at dei i vår har presentert prosjektet "Flåværleia" til 6. steget i Herøy, 9. steget i Ulstein og til alle klassestega på Sandshamn i Sande. Til hausten vert det ei ny runde med 10. steget i Herøy.

Elevane vart frakta ut til Borgarøya i dette vikingskipet

Elevane vart frakta ut i dette vikingskipet.

Foto: Asbjørn Vattøy / NRK

Tønnerulling

Håkon Rabben

Håkon Rabben meinte at tønnerulling var noko av det kjekkaste dei gjorde.

Foto: Asbjørn Vattøy / NRK

Noko av det kjekkaste elevane fekk oppleve var tønnerulling. To og to i gongen sparka tomtønner rundt hovudhuset på Borgarøya. Det vart ein underhaldande stafett, og både Håkon Rabben, Amanda Sundal og Andrine Garshol syntest det var kjekt.

– Det trigga konkurranseinstinktet, fortalde Amanda. Men det var vanskeleg å få til, meinte Håkon. Eg synest det er heilt supert å gjere noko anna å få sjå korleis dei gjorde det før.

Stiller spørsmål

Ingvill Wille seier at elevane stiller spørsmål heile tida. At dei er engasjerte og interesserte. Dette er ein annleis skuledag for dei der dei får bruke både kroppen og hovudet.

– Det er jo deira eiga historie som vert formidla og det er det å trekke dei lange linjene i den maritime historia til Noreg og "Flåværleia" er ein veldig god representant for akkurat dette.

Ingvill Wille og Frode Pilskog er formidlarar av kysthistoria.

Ingvill Wille og Frode Pilskog formidlar lokal kysthistorie.

Foto: Arne Flatin / NRK

På Borgarøya får elevane sjå det meste. Dei får prøve seg ute på sjøen i robåt og seglbåt. Dei får prøve å heise inn tønner til ei sjøbu frå ein båt og dei får lære om korleis folk budde og ikkje minst kvifor Borgarøya var viktig som knutepunkt i denne tidsperioden.

– Det som vart brukt mest på denne tida var jekter, fortel prosjektleiar Frode Pilskog. For øvrig var alle mulege båttypar i bruk. Det var robåtar og seglbåtar som frakta stort og smått.

Det var den viktigaste handeltrafikken i landet som passerte langs kysten her ute. Mellom anna når det var Lofotfiske og fisken skulle fraktast sørover, så ga Flåværleia le for dårleg ver.

"Flåværleia er sentral i Stiftinga Sunnmøre Museum si 1814 – 2014- markering. Den har eit mangfald av maritime installasjonar og historier. Flåværleia fortel om moderniseringa og samfunnsutviklinga i Noreg, som følgjer av trygg ferdsel sjøvegen, og har i uminnelege tider vore ei viktig seglingsleia for fartøy som kjem inn frå eller skal ut på Stadhavet."