NRK Meny
Normal

Tok både Mount Everest og Lhotse på eit døgn

Ingvild Marie Settemsdal (33) frå Sunndalsøra besteig ikkje berre verdas høgste fjell, men tok også det fjerde høgste fjellet i same slengen.

Ingvild Marie Settemsdal

Ingvild Marie Settemsdal har vore på fleire ekspedisjonar. Her er ho på Elbrus i Kaukasusfjella i Russland.

Foto: Anita Løvli

– Eg er så stolt av henne. Er det nokon som kan klare dette, er det ho, seier ei stolt syster, Tora Settemsdal. Ho er den som held styr på alle oppdateringane i sosiale medium, slik at familie og vener kan fylgje med på Ingvild sin ekspedisjon.

Det er eit par år sidan 33-åringen starta planlegginga av turen, men det var først i år at alt stemte og ho kunne realisere draumen om å stå på toppen av verdas høgste fjell.

– Ingvild har aldri drive med klatring, men har alltid vore aktiv i friidrett, ski og sport gjennom heile livet, seier Tora Settemsdal.

LES OGSÅ:

I kjempeform

33-åringen drog til Nepal i slutten av mars, og har vore på eit par rundar med akklimatisering, før kroppen var klar for Mount Everest.

– Eg snakka med henne 17. mai og då skulle ho begynne å gå. Ho følte ho seg i kjempeform og allereie då visste eg at dette kom til å gå bra, seier Tora.

Den opphavlege planen var først å berre gå på Mount Everest, men Ingvild fekk tilbod om å også ta fjellet Lhotse. Det er verdas fjerde høgste fjell. Tora var den som sjekka ut alle fakta på førehand, slik at systera skulle vere budd på kva som venta henne.

– Eg sa at eg støtta henne og at ho måtte gjere det ho følte for, seier Tora.

Ikkje mange kombinerer

22. mai stod Ingvild på toppen av Mount Everest og onsdag 23. mai var ho på toppen av Lhotse.

– Eg trur ho er den første nordmannen som har tatt desse to turane på eit døgn og at ho er den andre kvinna i verda. Men heilt sikker er eg ikkje, seier Tora. Ho beskriv systera som umåteleg sterk, både fysisk og psykisk.

Tora har berre vore i kontakt med guideselskapet og fått stadfesting på at dei nådde toppane. Ho får ikkje tak i Ingvild før ho er nede der det er internettdekning.

– Det Ingvild har gjort er kjempestort, seier Tora.