Hopp til innhold

Nedlegginga av skulen vekte politikaren i henne

Ein 23 år gamal senterpartipolitikar frå Tingvoll står på andreplass på lista, rett under dagens ordførar i Tingvoll. Interessa for lokalsamfunnet gjorde at ho stilte til val.

Ungdomspolitiker Ingrid Waagen

Ungdomspolitiker Ingrid Waagen stiller til val mot både faren og onkelen sin. I oppveksten har det vore mange politiske diskusjonar i familien.

Foto: Roar Halten / NRK

Vallogo

– Når du veks opp med familieselskap med politiske tema, så merkar kor mykje som er politikk. Kunstgrasbane, kulturskule, alt er politikk, og det pregar alle, seier Ingrid Waagen (Sp).

Politikarfamilie

Det har vore mange diskusjonar i oppveksten for politikar Ingrid Waagen, og det har vore motstand i familien.

Til trass for at vaks ho opp på ein gard, så har ikkje den politiske kursen vore opplagt for andrekandidaten til Senterpartiet.

– Eg har ein bestefar som var senterpartist, og så har eg pappa som stiller som ordførarkandidat for KrF no. Eg har også ein onkel som stiller som ordførarkandidat for Høgre, seier Waagen.

– Sjølv vil eg at sittande ordførar i Tingvoll skal blir ordførar. Me har nokon diskusjonar, og det har prega oppveksten, seier ho.

Opptatt av lokalsamfunnet

Ingrid Waagen har ikkje sete i kommunestyret før, og det er første gong ho står på liste i år. Det at ho er opptatt av kva som skjer i lokalsamfunnet gjorde at ho tenkte politikken kunne vera noko for ho.

– Sjølv opplevde eg at skulen min vart lagt ned, den lokale grendeskulen. Det var eit spørsmål som bygda mi var opptatt av, og eg såg korleis politikarane oppførte seg då, seier Waagen.

Ho studerer på Lillehammer, bur i Bergen, og planen er å komme heim til Tingvoll som nyutdanna sosionom med ein master i bagasjen.

– Planen er klar. Både eg og sambuaren min vil tilbake til Tingvoll kommune, seier Waagen.

Føler du at du må flytte heim, at det ligg ein forventning om det?

– Eg føler ikkje det, men når eg har mine to søsken som har busett seg der, og tantebarna mine bur i bygda, så har eg lyst til det, seier ho.

Likar kortreist

Dersom Senterpartiet-politikaren hadde hatt makt til å endre ein ting i samfunnet, så ville ho ha gjort noko med ei sak partiet hennar har fronta.

– Det at det ikkje skal vera lov til å kaste mat, kanskje eg ville gjort noko med det. Butikkane hadde måtta selje varene til halv pris, eller gi det vekk til gode formål, seier Waagen.

Kven som er det politiske førebiletet til Ingrid Waagen kjem kontant.

– Eg har alltid sett opp til Kristin Sørheim. Ho bur i same bygd som meg, og står som førstekandidat til fylket for Senterpartiet no, seier Waagen.

Kortreist førebilete?

– Me likar det kortreist i Senterpartiet, seier ho.