NRK Meny
Normal

Tunverten vil på Stortinget

Ho er den første du møter nå du går inn dørene på Aasentunet i Hovdebygda i Ørsta. Om ho skulle stå med ryggen til, og set prislappar på suvenirar, bøker og andre varer, møter ho deg raskt med blikket og ønskjer deg velkomen. Ho er tunvert på Aasentunet, og vil inn på Stortinget som representant for SV.

Ingrid Opedal

Ingrid Opedal er tunvert i Aasentunet i Hovdebygda i Ørsta. Målsaka var eitt av områda som gjorde henne politisk aktiv i ungdommen. Erik Damman med organisasjonen Fremtiden i våre hender vekte henne for miljøsaka. – Han var den første som varsla klimakrisa, seier ho.

Foto: Terje Reite / NRK

Det er sommarsesong på Aasentunet. Ho har fått fleire rundt seg som hjelper til med å ta imot turistar og andre besøkjande oppe i åsen i Hovdebygda. Ute har regnet akkurat gitt seg, skoddeskyene stig opp langs fjellet som skil Ørsta frå Volda.

Miljøsaka skal slett ikkje sende oss attende til steinalderen.

Ingrid Opedal

– Eigentleg var eg fysioterapeut. Men då Aasentunet var nytt og skulle ha tunvert i 2000, då kjende eg på at dette kunne vere ein jobb eg brann for. Dermed er ikkje dette kva som helst jobb for meg. Eg får arbeide med målsak og kultur, og då står eg litt ekstra på, seier Ingrid I. Opedal.

– Lærte om rettferd og miljø

Ingrid I. Opedal er fødd og oppvaksen i Hardanger. Men om lag halve livet har ho budd i Møre og Romsdal. Ho og mannen kom til Volda i 1983, han som filolog på Høgskulen i Volda og ho som fysioterapeut på Volda sjukehus.

Eg er vel sportsidiot, og får med meg det meste av sport på TV.

Ingrid Opedal

Ho instruerer kollegaene sine i resepsjonen og kiosken på Aasentunet. Sommarsesongen er hektisk. Under valkampen blir ho ”kjøpt fri” for å kunne reise rundt i fylket. Med ein kopp kaffi frå kafeen på Aasentunet fortel ho kvar ho har det politiske engasjementet frå.

– Eg vakna politisk då eg gjekk på gymnaset i Odda. Foreldra mine hadde ikkje vore spesielt politisk aktive. Men dei lærte meg det grunnleggjande om rettferd og kor viktig det var på ta vare på naturen. Særleg far hadde eit engasjement for natur og miljø, og drog meg med på jakt og fiske, fortel ho.

Ingrid Opedal

Som tunvert har Ingrid Opedal ansvar for drifta av kafeen og utsalet i vestibylen i Aasentunet. Ho er den første du møter når du kjem inn. Ho har ansvar for å ta i mot og legge til rette for besøkjande.

Foto: Terje Reite / NRK

– Erik Damman tente miljøengasjementet

Ingrid Opedal var ikkje partimedlem frå første stund. Ho blei fenga av målsaka, i ei tid då det var omfattande elevdemonstrasjonar for språkleg rettferd i skulen. Og samfunnskritikaren Erik Damman og hans ”Fremtiden i våre hender” fanga interessa hennar.

– Han var den første som varsla klimakrisa, allereie på 70-talet. Han fokuserte på miljø, rettferd og global fordeling. Og han viste at kvar einskild av oss har eit ansvar til å ta miljørette val, poengterer og.

Denne tankegangen har følgt henne heile vegen. Ho har vore innom prosjekt i Miljøheimevernet og i Grøn familie. Det siste innan praktisk miljøarbeid er at ho har skaffa seg el-skuter og har så vidt snusa på elbil.

– Eg tek ofte bussen. Men eg treng eit køyretøy for korte turar til og frå. Kollektivtilbodet er ikkje heilt optimalt. Då trur eg el-skuteren er eit godt miljøalternativ.

– Miljøvern er inga plage

Ho er raskt frampå med å påpeike at miljøvern ikkje skal vere noka plage. Det er verken traust eller trist. Det skal vere spennande og kjekt.

– Miljøsaka skal ikkje sende oss tilbake til steinalderen. Det skal gjere livet betre, seier ho oppglødd og viser stor begeistring for ny høgteknologi som kan spele avgjerande miljørolle. Ho blir engasjert og viser til lokale utviklarar som arbeider med planar om vindskip. Det er fascinerande når folk tenkjer framtidsretta med høgteknologi som kan vere med på å berge oss frå klimakrisa, seier ho.

Ho pratar seg varm når ho snakkar om framtidsteknologi i samanheng med behovet for å redusere tempoet i oljeutvinninga. To tredeler av oljeressursane i verda må bli liggande, om vi skal berge klimaet, seier ho. Samstundes som klimaet blir berga, vil det også ha positiv verknad for fastlandsøkonomien å få lågare utvinningstempo, slik ho ser det.

– Det store forbruket av fossile brensel er ei viktig årsak ei villare og våtare verd. Vi ser flaum både i Noreg og i Europa, og tørke andre stader.

– Mørebankane skal ikkje rørast

Dermed skal det ikkje vere tvil om kva Ingrid Opedal meiner når det gjeld eventuelle planar om boring etter olje på Møreblokkene. Ho er tydeleg og klar og vil ikkje sleppe oljenæringa i nærleiken av desse felta.

– Eg kallar dei helst Mørebankane. Og dei skal ikkje rørast. Dette er yngle- og fødestova for sild, torsk og ei rekkje andre fiskeslag.

– Skal vi ikkje finne ut kva som ligg der under havbotnen heller?

– Nei. Det er heilt uaktuelt. Dette området er heilt avgjerande for fisken. Her skal det ikkje vere oljeaktivitet av noko slag.

Skeptisk til Nordøyvegen


Ingrid Opedal har i andre samanhengar vore på nippet til å seie nei, der alle andre ville seie ja. Under debatten om Nordøyvegen i fylkestinget, var det ho som gjekk lengst i å påpeike dei problematiske sidene ved prosjektet. Ho etterlyste gang- og sykkelvegar og eit betre kollektivtilbod.

– Eg har eit hjarte for distrikts-Noreg og valde å seie ja for å få eit samrøystes vedtak. Politikk handlar ofte om kompromiss. Men det er fyrste gong eg har sagt ja til eit prosjekt som inneber undersjøisk tunnel. Det er jamt over ei dårleg løysing, seier ho. Ho legg til at ho vil setje foten ned om Nordøyvegen gjev dårlegare budsjettrammer for andre fylkeskommunale oppgåver som utdanning og kollektivtrafikk.

Ingrid Opedal

Ingrid Opedal planlegg alderdomen. Her på Engeset/Klepp byggjer ho og mannen kollektiv saman med 3 andre par.

Foto: Terje Reite / NRK

Nei til ferjefri E39

Med mykje av den same argumentasjonen seier ho også nei til ferjefri E39. Ho meiner det er alt for mange uløyst samferdsleprosjekt elles til at Noreg kan ta eit slikt storprosjekt. Ho meiner også at framtidig teknologi kan gjere dei store fjordkryssingane meir aktuelle på eit seinare tidspunkt.

– Vi har mykje dårlege vegar som treng opprusting. Vi har for dårleg ferjetilbod. Med 20-minutts ferjeavgangar kan miljøvenlege ferjer bli eit godt alternativ. Eg vil heller ha ei god kvardagssamferdsle. Det skal vere enkelt å kome til og frå jobb og barnehage. Hugs at dei store prosjekta også kjem til å sluke store summar til vedlikehald inn i framtida, poengterer ho, før ho avsluttar med ei spissformulering: Dei djupe tunnelars tid er forbi, seier ho med ettertrykk.

– Gjermund Eggen skapte ein draum

Sjølv ikkje ei påpeiking av at ho, som fødd i Hardanger og busett på Sunnmøre, kunne tenkjast å ha nytte av ein ”motorveg” langs Vestlandet, får henne på tankar om at dei store bruene og tunnelane langs E39 kunne vere fornuftig å satse på. Dei store samferdsleprosjekta kan lett bli monument påpeikar ho. Ho kjenner vegen godt. Ho kom køyrande langs denne vegen då ho flytte frå Hordaland til Sunnmøre i 1983.

– Eg kom hit som fysioterapeut, og eg utdanna meg til dette yrket på ein draum om å bli fysioterapeut i det norske idrettsmiljøet, skrattar ho. Eg hadde sikkert ein draum om å jobbe med eitt eller anna norsk landslag, seier ho, og avslører at denne draumen blei vekt av Gjermund Eggen sin suksess under ski-VM i 1966.

– Gjermund Eggen gjennomførte eit fantastisk ski-VM. Og då blei ungjentedraumen skapt, skrattar ho.

– Får med meg det meste av sport

Og dermed kjem heile historia om den sportsinteresserte Ingrid Opedal. Ho får med seg det meste av dei store sportshendingane som får merksemd i Noreg.

– Eg er vel sportsidiot, seier ho. Og nokre sendingar gjer eg til og med opptak av, slik at eg kan sjå det når eg har tid, seier ho og fortel om kollegaer som av og til held ap med henne på grunn av dette. Av og til ertar dei med å skulle avsløre resultatet av ein kamp eller eit løp når dei veit at eg skal heim og sjå det i opptak, skrattar ho.

Det er skiidrett, og særleg skiskyting som står høgt i kurs på TV-skjermen til Ingrid Opedal. Men ho får med seg både sykling og sjølvsagt fotball.

– Eg prøver så godt eg kan å få med meg nokre AaFK-kampar på stadion. Og eg følgjer med på TV heimanfrå.

– Men du er fødd i Hordaland, kva med Brann, då?

– Nei, det er AaFK for meg. Heilt klart. Og så klarer eg godt å gle meg over at både Hødd, Molde og etter kvart Kristiansund gjer det bra på fotballbanen også.

– Imponert over eldsjelene

Som fysioterapeut har ho også sett utslag av negative sider ved idretten. Fleire utøvarar piner kroppen sin, nokre tyr til doping og andre kan spreie galne haldningar til korleis kroppen skal framstå og utviklast.

– Heldigvis er dette i all hovudsak godt balansert i Noreg. Og saman med ungane mine har vi også hatt fantastiske opplevingar både i fotballen og volleyballen i Volda. Særleg i volleyballen opplevde vi veldig god balanse mellom spissing og breidde. Og eg er så imponert over alle eldsjelene. Sjå berre kva dei har fått til med skisytingsanlegget på Reset. Ei handfull eldsjeler har gått føre, og fått mange med seg. Sånt er verkeleg flott, seier ho.

Førebur alderdomen

Barna til Ingrid Opedal er vaksne. Sjølv nærmar ho seg seksti. Og ho har sett foreldra og svigerforeldra eldast. Dette har fått henne til å tenkjer stadig meir på korleis samfunnet blir lagt til rette for alderdommen.

Vi ser at mange eldre slit med einsemd, både på institusjonar og i omsorgsbustader. Og eg ser at det offentlege kan legge mykje meir til rette for å gjere livet til dei eldre betre, seier ho, og avslører samstundes at ho privat er i ferd med å førebu busituasjonen til sin eigen alderdom.

Ingrid Opedal tek oss med til tomta der ho vil tilbringe alderdomen. Tomta ligg høgt over Volda-bygda, på Engeset/Klepp.

– Det er kanskje litt bratt her, med tanke på alderdomen. Men vi skal få til dette, og sjå på den fantastiske utsikta, seier ho, medan vi klatrar opp skråninga. Her skal det nok med tida bli lettare tilkomst, både for bil og rullator.

Privat eldrebustad

Det kan sjå ut som om det er den gamle 68-tals kollektive og ungdommelege hippiedraumen som blir omsett til vår tid som ein måte å gå inn i alderdomen på. 4 familiar bygg eit felles hus, med private og felles soner.

– Vi er fire par som tek framtida i eigne hender. Vi har konkrete planar om å bygge vårt eige, private alderskollektiv. Kvar familie får eigne leilegheiter, men med felles stove. Mannen min får ansvar for eit musikkrom, ein av dei andre for eit rom med mellom anna dreiebenk. Og vi skal ha eit rom for tekstilakvititetar, fortel ho.
Ein del av bygget blir også ein slags hotell-del, der borna og andre kan bu når dei er på besøk. Alt får universell utforming, det skal vere lettstelt og tilrettelagt til den dagen dei kanskje treng hjelp frå den kommunale heimetenesta.

– Vi løyser dette privat. Og det kan tenkjast at også kommunane kan hente inspirasjon frå måten vi gjer dette på. Vi tenkjer mykje på den sosiale biten. Det er viktig å ha eit nettverk når ein blir gamal, seier ho.

Byggeplanane har kome langt, og om ikkje lenge kjem gravemaskinen for å ta til med arbeidet. Bygginga skal gå sin gang, sjølv om Ingrid Opedal skulle hamne på Stortinget. Ifølgje meiningsmålingane skal SV gjere eit svært godt val for at Opedal skal hamne på tinget.

– Eg vil vere ei sterk stemme for Møre og Romsdal. Kva saker eg kjem til å arbeide mest med avheng sjølvsagt av kva komité eg eventuelt kjem i. Energi og miljøkomiteen er sjølvsagt svært interessant. Det same er transportkomiteen, og også næringskomiteen.

Vil behalde Møre og Romsdal-brillene

Igjen pratar ho seg varm om lyntog, Mørebankane, klima, miljø, helse og omsorg, og alle dei andre viktige SV-sakene. Ho er klar til å reise til Stortinget, om veljarane vil ha henne dit.

– Alt for mykje er styrt med Oslo-briller. Ein ting er i alle fall sikkert; eg skal bevare Møre og Romsdal-brillene i arbeidet på Stortinget, seier ho med eit overbevisande smil.

Men før ho kastar seg ut i valkampen for fullt, må ho ein tur innom Aasen-tunet igjen. Denne gongen køyrer ho bil. Men etter kvart er det den miljøvenlege reisemåten som gjeld.

Eg har fått meg elektrisk scooter. Eg treng å kome meg raskt til og frå, og ofte opplever vi at busstilbodet ikkje er godt nok. Men elektrisk scooter er forhåpentlegvis eit godt alternativ, seier ho. Om han blir brukt i Volda/Ørsta-området eller om det blir i Oslo-gryta, blir det veljarane som avgjer.