Hopp til innhold

Ingeniørar må gå først hos Rolls-Royce

Ingeniørar og administrativt personell er dei første som må gå når Rolls-Royce no skal skjere ned talet på tilsette med i alt 325.

Allmøte for Rolls-Royce tilsette

Ingen hos Rolls-Royce i Brattvåg fekk beskjed i dag om at dei misser jobben, men før sommaren må mange i selskapet gå.

Foto: Hjørdis Kristine Skaar/Nordre

Etter sommaren vil selskapet sjå nærare på korleis omstilling vil påverke dei som jobbar i fabrikkane.

Dette er fasiten så langt, etter at Rolls-Royce Marine AS i dag hadde informasjonsmøte ved seks avdelingar på Sunnmøre og tre i Hordaland.

– Rolls-Royce har rundt 2300 tilsette i Noreg og vel 2000 av desse arbeidsplassane ligg på Sunnmøre. Då seier det seg sjølv at dei fleste som må gå, har arbeidet sitt her, seier Anette Bonnevie Wollebæk, kommunikasjonsdirektør i Rolls-Royce Marine AS.

Før året er omme vil 125 til misse jobbe. Dermed vil nedskjeringane i selskapet ramme i alt 325 tilsette.

Annette Bonnevie

Anette Bonnevie Wollebæk, kommunikasjonsdirektør i Rolls-Royce Marine AS har vore med på informasjonsmøta i dag.

Foto: Jannicke Susann Farstad / NRK

Vil ikkje vare evig

– Akkurat no er det bra produksjon på fabrikkane i Noreg. Men med den ordretilgangen vi har i dag og med dei prognosane som ligg føre, vil nok ikkje dette vare evig, seier Anette Bonnevie Wollebæk.

No går selskapet inn i drøftingsrunde med fagforeiningane, før det blir samtalar med kvar enkelt av dei som blir ramma. Ved St. Hans-tider vil meir vere avklart, opplyser Bonnevie Wollebæk til NRK.

Marknaden avgjer

Grunnen til nedbemanninga i Marinedivisjonen til Rolls-Royce i Noreg, er lav ordretilgang så langt i år.

– Den lave oljeprisen og reaksjonen i marknaden på den, tvingar oss til å gjennomføre tiltak, seier Mikael Makinen, President Marine, Rolls-Royce plc.

Mikael Makinen

Mikael Makinen har ei sentral stilling i Rolls-Royce sin Marinedivisjon.

Foto: Rolls-Royce

Han understrekar i ei pressemelding i ettermiddag at selskapet er i endring og at dei har gjort framsteg i arbeidet med å redusere kostnadane.

– Det er aldri lett å gjennomføre nedbemanningar, men dei er eit naudsynt resultat av dei sterke utfordringane vi har i marknaden. No er vi opptekne av å støtte dei tilsette, seier Mikael Makinen.

Utsiktene framover

– Neste år ser ikkje ut til å bli betre ordremessig enn 2015, heller verre. Så vi er spent på utviklinga, stadfester Bonnevie Wollebæk.

– Ved stor nedbemanning er det vel fare for at de kan misse viktige kompetanse?

– Vi kan misse både gode kollegaer og god kompetanse. Heldigvis har Noreg god kompetansebase å ta av innan det maritime, og vi trur det alltid vil vere jobb for dei flinke hos oss, seier ho.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL