Hopp til innhold

Ingeniør kjøpte seg pølsebod – men gjer noko heilt anna enn å selje pølser

Denne ingeniøren kjøpte seg ei pølsebod då han mista jobben i oljebransjen.

Reparerer telefoner i pølsebod i Kristiansund

REPARATØREN: Ingeniøren blei permittert frå oljejobben. Då tok han ein telefon og sjølve telefonen blei jobben.

Foto: Roar Halten / NRK

Mange ingeniørar frå olje- og gass-sektoren har fått ei usikker framtid etter nedbemanningane i det siste. I Kristiansund har ein ingeniør tatt tak.

– No som eg blei permittert frå Aker har eg sett meg nøydd til å sjå om det er liv laga å drive med dette, seier han, iphone-fixer'n.

Blei reparatør

Hans Christian Kvamme Brændeland

Hans Christian Kvamme Brændeland er ingeniøren som no reparerer knuste telefonar i ei pølsebod.

Foto: Roar Halten / NRK

Hans Christian Kvamme Brændeland er ingeniør. Han blei permittert frå oljejobben, og det er også mange andre. Det er vanskelege tider i oljeindustrien, men i staden for å sitje heime kjøpte denne mannen si eiga pølsebod. Der reparerer han telefonar.

– Det har blitt mindre å gjere i oljebransjen, og eg blei permittert før sommaren, fortel han.

– Du er ganske overkvalifisert til å sitje her å reparere telefonar?

– Ja, det kan ein godt seie. Men slik som det er no er det veldig få ingeniørstillingar ledige. Det finst ikkje noko særleg å søkje på.

Difor reparerer han elektronikk. Han trur at nedgangstidene kjem til å vare ei stund.

– Er det tilfelle kan eg no sitje her eit par år, og så vurdere om det er det eg vil halde fram med eller ei.

Telekom-ingeniøren ble permittert. Da tok han en telefon.

Her i denne boda som står like ved eit kjøpesenter tar han i mot kundane sine.