Hopp til innhold

Ingen varmerekord for Tafjord

Gode ønskje og heiarop til gradestokken, gav ikkje full utteljing for innbyggarane i Tafjorden i dag. Temperaturen let seg ikkje lokke til ny rekord.

Oddfrid Tafjord

Oddfrid Tafjord har i heile dag latt seg begeistre over det usedvanleg varme vêret i Tafjord. Ho er ikkje skuffa over at januarrekorden ikkje blei sletta.

Foto: Remi Sagen / NRK

Hadde den spesielle fønvinden frå Afrika som sveipa over distriktet i dag, vore litt meir på lag med bygdefolket i Tafjord, hadde dei sett ny noregsrekord for temperaturen i januar månad.

For at det skulle skje, måtte gradestokken vise 18 grader. Den gamle rekorden blei sett for 27 år sidan og er på 17,9 grader. I dag stansa rekordforsøket på 16,9 grader.

– Fole kjekt uansett!

Campingplasseigar Oddfrid Tafjord har i heile dag begeistra fortalt om korleis dei herlege varmegradene i Tafjord har verka inn på både henne sjølv og andre i bygda. Smilande og med latter i stemma har ho fortalt for folk i inn- og utland om det som kunne bli ein rekord-dag.

Overvatn i Tafjord

Dei høge temperaturane gav god snøsmelting og mykje overvatn i Tafjord i dag.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Eg er slettes ikkje skuffa over at det ikkje blei nokon ny rekord på oss. Det har vore fole kjekt uansett å få plassert Tafjord på mediekartet. Vi har vore omgitt av ein positiv vind i heile dag, og det betyr mykje meir enn all verdas rekordar, ler ho.

Til NRK1 sa Oddfrid tidlegare i kveld, at vinden strauk lige godt rundt kjakane som kjærlege stryk frå ein kjærast.

Denne boksen gir svaret på om det blir temperaturrekord i dag

Meteorologisk institutt foretar målingar av både vind, temperatur og nedbør.

Foto: Remi Sagen / NRK

Hivandes abassasdør for bygda

Den blidspente drivaren av Tafjord Camping har fått berre hyggelege tilbakemeldingar frå bygdefolket for engasjementet ho har vist både i radio, tv og aviser gjennom heile dagen.

– Nokre har sagt til meg at eg er ein hivandes ambassadør for bygda, og det er meir enn nok for meg! Det er så mykje elende elles i verda, at det er kjekt at vi kan bidra med noko positivt, smiler Oddfrid Tafjord.

Ho meiner at Tafjord har varme nok likevel, og seier tafjordingane ikkje er rekordstyrde.

– Varmen og dei gode temperaturane vi alltid har sommarstida, kan ingen ta frå oss, seier ho.

Kraftselskapet følgjer også med

Thor Gunnar Hovlid i Tafjord Kraftproduksjon følgjer som ein del av jobben, med på gradestokken.

Thor Gunnar Hovlid i Tafjord Kraftproduksjon

Thor Gunnar Hovlid er mellom mange som har sett ekstra godt på gradestokken i Tafjorden i dag.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Temperaturen er viktig med tanke på snøsmeltinga i fjellet. Vi vil unngå overløp av vatn i magasina, og då må vi følgje med. Når det blir mildare går også straumforbruket ned, sa elektroingeniøren til NRK tidlegare i dag.

Så spørst det kva tid naturen igjen kan by på rekordvarme i Tafjord. Med dei store variasjonane i vêrlaget vi opplever denne vinteren, kan det skje raskarane enn nokon trur.