Hopp til innhold

– Ingen trong hjelp, så langt vi veit

Helse Møre og Romsdal har ikkje fått inn meldingar om pasientar med akutte plager frå då telenettet braut saman torsdag.

AMK-sentralen

Tilsette på AMK-sentralane i fylket syntest det var ubehageleg å ikkje vite om viktige naudtelefonar kom gjennom eller ei.

Foto: NRK

Fredag føremiddag hadde Helse Møre og Romsdal ein gjennomgang med AMK-sentralane i Molde og Ålesund.

Ingen meldingar

trine kvalheim

Trine Kvalheim er kommunikasjonsdirektør i Helse Møre og Romsdal.

Kommunikasjonsdirektør Trine Kvalheim seier føretaket førebels ikkje har fått inn meldingar om alvorlege hendingar under telesamanbrotet fredag.

– Så langt som vi ser no, så har det ikkje fått konsekvensar. VI har ikkje fått inn nokon rapportar på at pasientar ikkje fått kontakt med oss direkte eller har kome via andre kanalar som vi ikkje har fanga opp, seier ho.

–Utfordrande

– Korleis opplevde helseføretaket den vanskelege situasjonen de var oppe i?

– Det var utfordrande. 113-nummeret var operativt heile dagen og vi hadde kontakt mellom naudetatane. Vi hadde også kontakt med ambulansepersonell og legekontor rundt om i fylket, seier Kvalheim.

Sjølv om dei tilsette helseføretaket hadde kontakt med kvarandre, var uvissa stor på om publikum nådde inn via telefon med sine behov.

– Det var derfor vi gjekk så sterkt ut og bad folk om å prøve å skifte abonnement eller møte opp personleg på næraste legevakt eller ambulansestasjon. Men det ser altså no ut for at ingen hadde slike behov.

Sårbare

Helseføretaket vil no gjere ei intern evaluering på korleis dei takla situasjonen.

– Vi ser at kommunikasjonen mellom naudetatane og ambulansestasjonane har fungert. Men ein blir jo sårbare om publikum ikkje når tak i oss, avsluttar kommunikasjonsdirektøren.