Ingen trengsel
Dei fleste frammøtte var nok vanlege, nysgjerrige kundar. Då vi var der like før butikken skulle opne klokka ni i formiddag var det på ingen måte trengsel framfor inngangen.
Blomster frå Handel og kontor
Nokre av dei frammøtte var kanskje spionar frå konkurrentane, men ein var i alle fall gjenkjenneleg. Det var Hanne-Lise Sørensen i Handel og kontor i Ålesund. Ho hadde med seg blomster som ho overrekte til regionsjefen i Lidl, Carsten Albæk.
Regionsjef i Lidl, Carsten Albæk, får blomster av Hanne-Lise Sørensen i Handel og kontor. (Foto: NRK)
– Vi er her rett og slett for å ønskje dei velkommen og håper på eit godt og fruktbart samarbeid vidare, seier Sørensen.
Sjølv om Handel og kontor har vore svært kritiske til Lidl tidlegare ser Sørensen altså optimistisk på samarbeidet framover.
Ordknapp sjef
Regionsjef i Lidl, Carsten Albæk, ville ikkje seie stort med media til stades, men stadfesta at han synes dette er ein stor dag og at han ser fram til vidare samarbeid med Handel og kontor.
– Ut over det håper eg du vil respektere vår internasjonale policy om at vi ikkje uttalar oss til media, sa Albæk til vår reporter før han forsvann inn i butikken.