NRK Meny

Ingen tiltale etter dødsulukke

Det blir ikkje tatt ut tiltale mot sjåføren som var blanda inn i ulykka der ei 49 år gammal ålesundskvinne mista livet i fjor sommar. Pårørande til kvinna meinte at ho urettmessig fekk skuld i ulykka, og kravde ny etterforsking. No har Riksadvokaten avgjort at klagen ikkje blir tatt til følge, og saka blir lagt vekk på grunn av manglande bevis, skriv Smp.no.