Hopp til innhold

Ingen skadd i bustadbrann

Det brann kraftig i ein firemannsbustad i Omagata i Kristiansund fredag. Huset har fått store skader.

Bustadbrann i Kristiansund

SJÅ VIDEO: Innsatsleiar Stian Duaas om brannårsaka.

Brann i Omagata
Foto: Heine Schjolberg

– Brannen er sløkt og vi driv no med ettersløkking, opplyser 110-operatør Kjartan Molvær til NRK klokka 13.08.

Leilegheita som brannen oppstod i, har fått store skader som følgje av brannen. Delar av leilegheita må også rivast.

– Brannen i seg sjølv spreidde seg ikkje til andre leilegheiter, men dei har fått røyk- og vasskadar som følgje av han, seier Molvær.

Restverdivogna til Molde brannvesen er no på veg til Kristiansund for å hjelpe i arbeidet med suge opp vatn for å minimere skadane.

Ska ikkje vere folk i huset

Politiet fekk melding om brannen i Omagata 29 klokka 11.14. Huset er vertikaldelt, og det brann i den eine delen.

– Vi har kontroll på dei som er registrert på adressa, sa operasjonsleiar Rolf Anders Korstad ved Nordmøre og Romsdal politidistrikt til NRK klokka 11.45.

– Vil de seie at de er trygge på at det ikkje er personar i huset?

– Det brenn såpass kraftig at vi ikkje har moglegheit til å sende inn røykdykkarar, men vi har som sagt kontroll på dei som er registrert der, seier Korstad.

Sender inn røykdykkarar

Brann i Omagata
Foto: Anne-Mari Flatset / NRK

Klokka 12.03 opplyste 110-sentralen at brannen har roa seg og at huset er tomt for folk.

– Vi har nettopp sendt inn røykdykkarar for å redde det som reddast kan, seier operatør Åge Henriksen og legg til at brannvesenet enno ikkje har kontroll på brannen.

Brannvesenet jobba på spreng for å hindre spreiing til den andre delen av huset.

– Det er foreløpig ikkje fare for at brannen spreier seg til andre hus i nærleiken, sa 110-operatøren i 12-tida.

Politiet fekk melding om brannen klokka 11.14 fredag.

SJÅ VIDEO: Det er kraftig røykutvikling på staden. Foto: NRK/Anne-Mari Flatset.

Brann i Omagata