Hopp til innhold

Ingen reiselivsfusjon på Sunnmøre

Det blir ingen samanslåing av reiselivsselskapa Destinasjon Ålesund og Sunnmøre og Destinasjon Geirangerfjord-Trollstigen. Fusjonsplanane mellom dei to aktørane blir lagt bort.

Geiranger

Geiranger og Stranda kommune blir framleis ståande utanfor reiselivsselskapet Destinasjon Ålesund og Sunnmøre.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Tanken var å danne eitt felles destinasjonsselskap for reiselivet på heile Sunnmøre, og at storselskapet straks skulle kome i drift. Men eit samrøystes årsmøte i Destinasjon Ålesund og Sunnmøre gjorde som styret tilrådde; dei stemte i mot planane.

– Vi avsluttar fusjonsplane fordi eit samla Geiranger-miljø ikkje ønskjer å fusjonere med resten av reiselivet på Sunnmøre, seier reiselivssjef i Destinasjon Ålesund og Sunnmøre, Geir Steinar Vik til NRK.

Geir Steinar Vik

Geir Steinar Vik, reiselivssjef i Destinasjon Ålesund og Sunnmøre seier svært mange på årsmøtet i selskapet i dag, sa seg lei for at ein ikkje klarer på få til eitt felles destinasjonsselskap for Sunnmøre.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Han og resten av sunnmørskommunane hadde von om å få til eitt sterkt reiselivsselskap for Sunnmøre.

– Vi trur eit felles selskap ville vere det beste for heile Sunnmøre, seier Geir Steinar Vik.

Geiranger åleine

På årsmøtet i Destinasjon Ålesund og Sunnmøre beklaga mange at det ikkje lukkast å få med Geiranger. 16 av dei 17 sunnmørskommunane er med i reiselivsselskapet og berre Stranda vel å stå utanfor.

– Når Geiranger-miljøet ikkje gav tilslutning til fusjonen, er det ingen anna veg enn å trekke saka, seier Vik.

Hjørundfjorden

Hjørundfjorden og Ørsta kommune er mellom dei som er med i Destinasjon Ålesund og Sunnmøre.

Foto: Jens Kåre Blakstad

Årsaka til at planane blir lagt bort, botnar i ulike syn på både eigarskap, goodwill, styresamansetjing og selskapsnamn.

No held dei to selskapa fram på kvart sitt vis.

– Geiranger er velkomen til å slå seg i lag med oss når dei finn tida mogen til dette, seier Vik.