Hopp til innhold

Ingen planar om felles sjukehus

Helse Midt-Noreg står fast på planane om å starte bygginga av nytt sjukehus på Eikrem i Molde i 2012.

Molde sjukehus

Moldell av det nye sjukehuset på Eikrem i Molde.

Foto: Illustrasjon: Team Molde arkitekter

Eitt felles sjukehus for Nordmøre og Romsdal inngår ikkje i planane no, seier administrerande direktør i helse Midt-Noreg, Gunnar Bovim.

Godt med diskusjon

Gunnar Bovim helsar diskusjonen om sjukehusdrifta velkomen. Og han presiserer at han ønskjer ein seriøs diskusjon.

Gunnar Bovim og Bjørn Engum

Gunnar Bovim er administrerande direktør i Helse Midt-Noreg. Bjørn Engum er administrerande direktør i Helse Nordmøre og Romsdal

Foto: Hans Thomas Eikrem / NRK

- Det viktigaste no er at vi går ein god diskusjon, og at alle aktørane held diskusjonen på eit sakleg og riktig i vår, seier Bovim til NRK Møre og Romsdal.

- Departementet må på banen

- Planlegginga må ikkje forseinkast

Full krig om sykehuset

Utbygging på Eikrem

Gunnar Bovim held fast på at oppgåva til Helse Midt-Noreg no er å planlegge eit nytt sjukehus på Eikrem i Molde. I tillegg går det føre seg ei utgreiing om kva oppgåver sjukehuset i Kristiansund skal ta seg av og kva som skal ligge til sjukehuset i Molde.

- Å sjå på eitt felles sjukehus ligg ikkje i planane våre akkurat no. Så vi arbeider vidare med strategiplanen fram mot 2020, seier Bovim. Pengane som er brukte til planlegginga på Eikrem vil uansett ikkje vere bortkasta om vi går for andre modellar. Mykje av førebuingane går på dimensjonering og innretning og ikkje i forhold til geografien, seier Bovim.

Bølgar fram og attende

Gunnar Bovim har fulgt debatten om sjukehusstrukturen og har sett at det har svinga fram og attende i lengre tid.

- Debatten på Nordmøre og i Romsdal har bøga fram og attende. Så den debatten vi har i dag er ikkje nokon ny debatt. Men eg er sikker på at dei som arbeider med saka i departementet både les aviser og høyrer på politiske innspel. Så dette er heilt sikkert med i den vurderinga som departementet gjer. Og vi utfører det oppdraget som vi får frå departementet, seier Bovim. Akkurat no er det å greie ut bygginga av eit sjukehus på Eikrem, seier han.

Sjukehus auditorium

Eit fullsett auditorium på sjukehuset i Molde då Gunnar Bovim var til stades og orienterte om Strategi 2020.

Foto: Hans Thomas Eikrem / NRK

Trussel

Gunnar Bovim seier at den største trusselen for tilbodet no er driftssituasjonen ved sjukehusa i Romdal og på Nordmøre.

- Vi er nøydde til å få til ei betre behandling for fleire pasientar innanfor dei budsjettrammene vi har, seier Bovim.

Vil ha møte med ministeren

Ordføraren i Molde, Jan Petter Hammerø, har i dag sendt eit brev til Helse- og omsorgsdepartementet der han ber om eit møte med helseministeren for å diskutere Nye Molde sjukehus.

- Realiseringa av Nye Molde sjukehus har brei forankring blant innbyggjarane i området og blant dei tilsette på Molde sjukehus. På same måte har både statsministeren og helse- og omsorgsministeren i samsvar med Soria Moriaerklæringane, gitt klare løfter om at Nye Molde sjukehus skal verte realisert på Eikrem.

Molde kommune sendte eit brev til departementet i november, der dei etterlyste tilbakemelding på helseføretaket sin konseptrapport for Nye Molde sjukehus. På grunn av manglande svar ber ordføraren om at helseministeren stadfestar dei løfta som tidlegare har vorte gitt.

- Det skaper uro når svar på konseptrapporten og vårt brev uteblir, samtidig som omkampinitiativ om lokalisering igjen dukkar opp, skriv Hammerø i det nye brevet.