NRK Meny
Normal

Ingen påskeferie for Felix

Med EM-bronse i bagasjen, kom Felix Baldauf heim til Kristiansund tysdag. Likevel blir det ingen påskeferie for brytartalentet.

Hjem med EM-bronsje, men ingen påskepause for brytertalentet fra Kristiansund.

SJÅ TV-SAKA: Felix Baldauf er heime i Kristiansund etter han tok bronse i U23-EM i helga.

Brytaren sin medaljefangst dei siste fire åra, overgår det meste. Heime i Kristiansund kunne han stolt vise fram bronsemedaljen frå helgas EM. For litt kan ein dvele ved suksessen, men så må ein tilbake til arbeidet.

Heime på matta hjå trenaren Eren Gjægtvik, er det lite feiring. Der er dei godt i gong med å sjå opptak frå helgas kampar. For sjølv om Felix Baldauf sikra bronse under U23-EM i ein vektklasse heile 30 kilo over sin egen, finst det ting å sett fingeren på når ein skal gå gjennom kampen.

– Det vart jo ikkje gull, så det er mykje han kan bli betre på, seier Gjægtvik lattermild og ser bort på Baldauf.

– Med tanke på at det var ei vektklasse over den eg vanlegvis brytar i, så er eg veldig fornøgd. Det tek på å flytte 120 kg i seks minutt, så det er ikkje artig, seier brytaren.

Satsar mot nye mål

U23-EM var ei lærerik oppleving for Baldauf.

– Eg deltok mest for øvinga sin del. At det gjekk så bra som det gjekk er ein bonus. No er eg ei medalje og nokre erfaringar rikare, seier han.

No siktar brytaren mot nye målsetjingar. Baldauf har 90 dagar på seg til å toppe forma inn mot neste meisterskap, nemleg European Games i Baku, Aserbajdsjan. Der skal han skal kjempe mot brytarar i sin eigen vektklasse.

Trenar Gjægtvik har stor tru på at Baldauf kan nå langt i Baku i juni.

– Eg er sikker på at han kan ta nye medaljar.

– Må trene som dei beste

Dei fire siste åra har Baldauf tatt totalt fem medaljar i EM og VM, noko som plasserer han heilt i toppen av norsk bryting. Men på matta i Kristiansund kjem det alltid nye utfordrarar, så Baldauf kan ikkje ligge på latsida.

Felix Baldauf

Felix Baldauf kan ikkje ligge på latsida.

Foto: eirik haukenes / nrk

– Skal ein bli best så må ein legge inn arbeidet og trene som dei beste, seier han.

Likevel drøymar han om ei kvilepause på sofaen.

– Det hadde vore godt å legge seg på sofaen og gjere ingenting. Men eg har ein jobb å gjere før eg kan slappe av, så eg må nesten vente til eg er ferdig med treninga, seier han lattermild.