North Cape Minerals, Vanylven.
North Cape Minerals i Vanylven klarer å gjennomføre nedbemanninga ved bedrifta utan å seie opp folk. Dei 21 tilsette som stod i fare for å miste jobben no i haust - får i staden tilbod om pensjonspakkar, jobb andre stader i verksemda, eller hjelp til å starte for seg sjølv.
Glad
- Dette er eg veldig glad for, seier hovudtillitsvald Arvid Thue. Denne prosessen blir no køyrt ut år 2005, og folk får betre tid til å finne ordningar, enten pensjonsordningar eller at dei startar bedrifter for seg sjølv.
Kuttar 21 stillingar
Den tidlegare statseigde verksemda Olivin har i alle år vore hjørnesteinsbedrifta i Vanylven. Etter at det amerikanske selskapet North Cape Minerals tok over drifta, varsla dei fort at dei ville effektivsere. Dette innebar i reine ord kutt av 21 stillingar. Sidan har det voer steile frontar mellom tillitsvalde og leiing.
Beste alternativ
Tillitsvald Arvid Thue har lenge argumentert for at det ikkje er noko å spare på å kutte talet på tilsette. Det har han ikkje fått gehør for. Men når først gale skal vere er han glad for at det ikkje blir oppseiingar.
Avviser meir nedskjering
Direktør Birger Solberg seier dei ikkje kjem til å iverksette ytterlegare innsparingar, men satse på å styrke dei 132 attverande arbeidsplassane i Vanylven. Leiinga ville i utgangspunktet gjennomføre nedbemanninga i haust, men har no gått med på å forlenge perioden med eit år. Det har tidlegare vore varsla at det ville kome nye ned-skjeringsforslag om kort tid, men Solberg avviser dette i dag.
Ordningar
- Vi har vore i diskusjonar med dei tillitsvalde i lang tid, og vurdert forskjellige løysingar, seier Solberg. Løysinga no blir ein kombinasjon av intern overflytting, bruk av pensjonsordningar pluss at vi har funne løysingar for tilsette med nedsett helse og starthjelp til tilsette som vil starte for seg sjølv, seier han.