Sidan påske har det vore innbrot i tjue hytter. Mange av hyttene er eigd av folk frå Møre og Romsdal, og Harald Ness frå Ellingsøya i Ålesund har no starta ein underskriftsaksjon for å få fjerna asylmottaketi bygda.
Lensmann i Lesja og Dovre, Anders Torvik, seier ingen førebels er mistenkt.
Alle dei tjue innbrota liknar på kvarandre, seier Torvik. Innbrotstjuvane tek seg inn ved å bryte opp vindauge, og så forsvinn det parabolanlegg og elektriske artiklar. Ikkje noko av tjuvgodset er funne.
Framandfrykt ?
Eigar av mottaket, Jan Erik Lehre, meiner det er feil å mistenke asylsøkarane for innbrota.
Han forstår at enkelte kjenner framandfrykt, men at folk bør setje seg inn i kva asylmottaket handlar om.
- Dei aller fleste asylantane er ikkje kriminelle, seier Lehre.
100 asylsøkjarar
I dag bur det vel 100 asylsøkjarar på det statlege mottaket på Bjorliheimen.
Det er 400 hytter i området, svært mange er eigd av folk frå Møre og Romsdal.
- Det blir feil å plassere så mange asylsløkjarar i ei så lita bygd, seier Harald Ness.
Harald Ness trur fleirtalet vil ha vekk asylmottaket. Etter ei veke har han fått svar frå svært mange.