Hopp til innhold

Ingen misser jobben

Ingen av dei tilsette misser arbeidet om Fjord1 slår saman MRF og Fylkesbaatane.

Ferje
Foto: Anne-Mari Flatset / NRK

Det seier konserndirektør i Fjord1, Olav Smørdal. I går orienterte han dei tillitsvalde.

Avgjerd i vår

Leiinga i ferjeselskapet avgjer spørsmålet til våren. - Vi ønskjer no å få ei vurdering av om vi kan få ei betre samordning og ein betre struktur ved å samle verksemda i eitt selskap, seier konserndirektør Olav Smørdal. Også bussverksemda blir lagt inn i det nye felles selskapet.

Ingen oppseiingar

Konserndirektør Olav Smørdal seier at samanslåinga ikkje får særlege følgjer for dei to hovudkontora i Molde og Florø. - Uansett organisering har vi behov for driftsorganisasjonar både i Molde, Florø, Sogndal og Volda, seier Smørdal til NRK Møre og Romsdal.

Smørdal seier også at det ikkje er aktuelt med oppseiingar. - Vi seier i desse prosessane her at ingen får oppseiing. I den grad vi skal hente ut synergiar skal dette skje med naturleg avgang, seier han.

Kan slå saman MRF og Fylkesbaatane

Omsider ett felles rutehefte

Tøff konkurranse

Fjord1 ønskjer å omorganisere for å ruste seg til å møte konkurransen frå andre reiarlag. Konkurransen er tøff, seier Smørdal. - Vi sit med mange og lange tunge kontraktar og investeringar, og vi må skjerpe oss om vi skal forsvare dei marginane vi skal ha når det gjeld å kunne tene nokre kroner på verksemda vår, seier han.

To fylke

Det er Sogn og Fjordane fylkeskommune og Møre og Romsdal fylke som eig Fjord1. Dei to eigarane har ofte hatt ulikt syn på eigarskapen. I Møre og Romsdal har det i fleire år vore eit stort politisk mindretal som har ønska å selge seg ut av selskapet.

Erstatning etter anbodsrot

Håpar å unngå kutt