Hopp til innhold

Ingen kan forklare kraftig smell

I 14-tida søndag var det mange i Møre og Romsdal som reagerte på eit kraftig smell. Jordskjelvobservatoriet på Kjeller avviser at det var jordskjelv på det tidspunktet.

Mystisk smell på Sunnmøre

Mange stader kunne ein høyre eit høgt smell søndag ettermiddag.

Foto: Angelika Nedrevold

Angelika Nedrevold var på Rogne i Haram og leika i snøen saman med sonen Theo (2). Plutseleg høyrde dei eit kraftig smell.

– Eg trudde det var tore. Det varte ei pittelita stund, men eg såg ikkje noko lyn, så eg konkluderte med at det ikkje kunne vere tore, seier Nedrevold. Ho dukka automatisk ned, fordi ho er redd for lyn og tore. Etterpå forstod ho at mange hadde høyrt same lyden på ulike stader på Sunnmøre og i Romsdal. Enkelte fortel at huset rista. Sverre Reppe Pettersen høyrde smellet på Hareid, og meiner det høyrdest ut som dynamitt. Jon Oli Arnason i Ulsteinvik meiner lyden likna ein kraftig eksplosjon.

Ikkje jordskjelv eller jagarfly

Angelika Nedrevold saman med Theo

Angelika Nedrevold var ute og leika i snøen saman med sonen Theo, då dei høyrde lyden.

Foto: privat

Jordskjelvobservatoriet på Kjeller seier at dei har fått mange førespurnader, men hos dei vart det ikkje registrert jordskjelv i dette området søndag. Dei meiner at det kan tenkast at lyden er eit fly som har floge gjennom lydmuren. Dette blir ikkje registrert hos dei.

Også Forsvarets operative hovudkvarter har fått fleire spørsmål om lyden på søndag. Dei hadde ingen militærfly over området verken laurdag eller søndag.

– Under ideelle atmosfæriske forhold ber lyden kraftigare. Når det er kaldt vert lyden altså sterkare og dermed kan det ha vore eit vanleg rutefly, seier major Elisabeth Eikeland.

Naturfenomen

Angelika Nedrevold er sikker på at det ikkje var eit fly ho høyrde. Ho og broren Aleksander har snakka mykje om kva det kan vere.

– Det var heilt merkeleg. Eit stort smell og ein durelyd etterpå. Vi har søkt på You Tube for å finne om det kan vere eit naturfenomen, seier Nedrevold.

Norsk meteornettverk har fått inn fleire rapportar frå både austlandet og vestlandet om ei eldkule som var synleg ca. klokka 13.48 søndag. Det er også meldt om tordenskrall eit par minutt seinare.