Hopp til innhold

Ingen lokale deltakarar på Ungdoms-OL

Totalt 73 utøvarar frå 12 fylke skal forsvare dei norske fargane når Ungdoms-OL på Lillehammer startar i dag. Men ingen av desse utøvarane er frå Møre og Romsdal.

OL-ilden kommer til Trondheim.

Fredag startar Ungdoms-OL på Lillehammer. Der stiller ingen frå Møre og Romsdal.

Foto: Cathrine Dokken, Lillehammer 2016

I dag startar Ungdoms-OL på Lillehammer for fullt. Ungdoms-OL varer frå 12. til 21. februar, og blir i tillegg til Lillehammer arrangert i Gjøvik, Øyer, Hamar og Oslo. Utøvarane er i alderen 15–18 år og kjem frå 70 ulike nasjonar.

Siri Ask Fredriksen, konstituert organisasjonssjef i Møre og Romsdal idrettskrins, synest det er synd at ingen frå fylket deltek på Ungdoms-OL, men at årsaka ikkje er mangel på talent blant utøvarane i Møre og Romsdal.

– Nei, vi har mange flinke utøvarar her i fylket, så det er ikkje noko med det. Vi har jo mellom anna to utøvarar som skal til junior-EM og ein som skal til U23-EM, seier ho.

Smalt nålauge

Ask Fredriksen fortel at det er fleire årsaker til at ingen av dei norske OL-utøvarane er frå Møre og Romsdal.

Siri Ask Fredriksen

Siri Ask Fredriksen, konstituert organisasjonssjef i Møre og Romsdal idrettskrins, synest det er synd at ingen frå fylket deltek på Ungdoms-OL.

Foto: privat

– Litt av hovudgrunnen er kanskje det at det er ein stor tropp, men det er få i kvar idrett som er tatt ut. Dei er jo mellom 15 og 18 år, noko som også smalar inn kven som er aktuelle, seier ho.

Mellom anna langrenn og alpint er område som Ask Fredriksen meiner at Møre og Romsdal kunne ha stilt utøvarar i.

– Når det er ein utøvar frå Noreg som stiller i alpint, så er det klart at nålauget blir veldig smalt, seier ho.

Vil legge betre til rette

Ask Fredriksen fortel at dei ønsker å legge forholda betre til rette for utøvarar og miljøa i fylket.

Fakkelstafett, ungdoms-OL

I januar var OL-elden i Molde. Det er det næraste Møre og Romsdal kjem ei deltaking i årets Ungdoms-OL.

Foto: Eirik Haukenes

– Vi har mange miljø som er gode både på vinter- og sommaridrettar. Problemet med Møre og Romsdal er at desse ligg ganske spreidd. Eg tenker at dersom vi klarer å samle desse miljø med jamne mellomrom så kan dei utveksle erfaringar, seier ho.

Organisasjonssjefen trur det kan vere ein styrke dersom utøvarane kan knytte band på tvers av idrettar.

– Då vil det kanskje vere enklare å fortsette satsinga, seier ho.

Vil samarbeide med Olympiatoppen

Idrettskrinsen jobbar også med å utvikle eit samarbeid mellom idretten i Møre og Romsdal og Olympiatoppen Midt-Noreg.

Utgangspunktet var eit ønskje om å legge forholda betre til rette for utøvarar og miljø for på sikt å skape internasjonale toppidrettsprestasjonar

– Der jobbar vi no for å få til eit samarbeid som går på morgondagens utøvarar, og for å styrke kompetansenivået til trenarar i fylket her og gi utøvarane moglegheit til å fullføre vidaregåande her, seier Ask Fredriksen.

– Det er ein av dei hovudtinga vi jobbar med no for å kanskje få fleire topputøvarar frå Møre og Romsdal, held ho fram.

OL-ilden ble i dag tent i Molde. Før årets ungdoms-OL på Lillehammer, skal fakkelen besøke alle landets fylker. I Møre og Romdal måtte flammen haldast i live i tett snødrev.

Sjå tv-saka frå fakkelmarkeringa i Molde 20. januar.