NRK Meny

Inga rettssak

Bygginga av Vågstrandtunnelen i Rauma hamnar likevel ikkje i retten.

Tunnelen på den rasutsatte strekninga sto ferdig for tre år siden, men sidan har hovedentreprenøren kravd 140 millioner ekstra fordi arbeidet tok lenger tid og blei dyrare enn først rekna med.

Johnny Johansen, som representerer Staten, seier at forliket inneber ei viss utbetaling til entreprenøren, men vil ikkje seie kor mykje.

Vågstrandtunnelen
Foto: Synnøve Hole / NRK