NRK Meny
Normal

Inga betring i sikte for det nye nødnettet

Fleire kommunar har klaga på det nye nødnettet. Dekninga er så dårleg at det går ut over beredskapen. – Utbyggingsprosjektet er ferdig, svarer departementet.

Eide brannstasjon

INGEN DEKNING: På Eide Brannstasjon i sentrum av kommunen er det så dårleg dekning at brannvesenet øver med telefon heller enn samband.

Foto: STEINAR KRAKELI

I oktober melde NRK at det nye nødnettet i enkelte kommunar er så dårleg at brannmannskapet risikerer å ikkje blir varsla ved alvorlege hendingar.

Kostnadsramma for det nye nødnettet var seks milliardar kroner, men ifølge Aftenposten har nettet kosta minst sju milliardar.

No kan det sjå ut som om pengesekken er heilt tom. Det ser i alle fall ikkje ut som om det blir løyvd pengar til å rette opp problema i 2018. Det liker brannsjefane dårleg.

Det er langt ifrå godt nok.

Alf Magne Smørholm, Brannsjef i Eide

– Det er utruleg frustrerande. Vi har prøvd å ordne opp i dette lenge, men når det ikkje kjem pengar frå departementet blir det ikkje løyst, seier Alf Magne Smørholm.

Han er brannsjef i Eide kommune. Ved brannstasjonen i sentrum av Eide er signalet så dårleg at dei gjennomfører øvingane sine med mobiltelefon.

Brannsjef Alf Magne Smørholm

FRUSTRERT: Alf Magne Smørholm er brannsjef i Eide kommune, i tillegg til fleire andre kommunar i Romsdal.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Fleire nektar å betale

Dette er ikkje bra. Vi har dekningsproblem i to av våre kommunar.

Håvard Bye, brannsjef

Bye er brannsjef i fleire kommunar i Trøndelag, men siktar til Inderøy og Osen. I sistnemnde kommune har problema vore så store at brannsjefen har valt å ikkje betale for nødnettabonnementet det siste halve året.

– Det er ikkje noko poeng i å betale store beløp for noko vi ikkje får brukt. For brannvesenet mitt snakkar vi om cirka 1,2 millionar i året, seier Bye.

Ifølge Alf Magne Smørholm betaler heller ikkje Eide kommune for abonnementet no.

Brannsjef Håvard Bye

BETALER IKKJE: Håvard Bye er brannsjef i Osen. Dei har nekta å betale rekninga, fordi han meiner dei ikkje får det dei betaler for.

– Får ikkje svar

I Hadsel kommune i Nordland har brannvesenet foreslått at dei kan bidra til å dekke kostnadane, saman med lokal industri, dersom dei får tilsendt utstyret dei treng.

– Vi har ikkje fått tilbakemelding på det, trass gjentatt purring, seier brannsjefen i Hadsel, Øyvind S. Skjørholm.

– Vi forventar ikkje dekning i alle krikar og krokar, der det bur tre folk eller nokre sauer går på beite. Men det er synd når vi ikkje har dekning i sentrum rundt brannstasjonen.

Ingen hjelp å få

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) har gitt beskjed om at det trengst meir pengar for å fikse problema.

Då NRK tok kontakt viste DSB vidare til Justis- og beredskapsdepartementet som svarte følgande i ein mail:

– Utbyggingsprosjektet er ferdig, og midlar til dekningsforvaltning og forbetringar utover kontrakten må bli vurdert i forbindelse med årlege budsjettprosessar.

– Brukarundersøkingar frå DSB viser at brukarane er godt fornøgd med nødnettet og at det bidrar til effektiv kommunikasjon og samhandling.

Direktoratet tar ikkje feil i at brukarane stort sett er fornøgd med den nye teknologien.

Alle brannsjefane som er intervjua i denne saka fortel at systemet er godt, men har samtidig understreka at det derfor er ekstra surt når dei ikkje har dekning og kan dra nytte av det.

Laster kart, vennligst vent...

FEILMELDING: Brannvesenet i 11 kommunar har sendt inn klager på utalarmering, men ifølge Justis- og beredskapsdepartementet vil det ikkje bli sett av pengar til utbetring i 2018.