Hopp til innhold

Inga avklaring for Geiranger

Stranda kommune må vente før dei får vite om cruisebåtar får gå inn til kai på Hellesylt i framtida. Kravet er nullutslepp frå turistskip- og ferjer i verdsarvfjordane innan 2026, men det fører til full stopp inn til Geiranger, og kommunen og hamnevesenet håpar båtane kan gå til Hellesylt. Etter eit møte med Klima- og miljødepartementet seier hamnesjef Rita Berstad Maråk at ho hadde håpa på klarare signal, og meiner Geiranger har dårleg tid.

Rita Berstad Maråk
Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK