Hopp til innhold

Januar blir influensa-månad

Føler du deg dårleg? Det kan vere influensa. Influensatoppen er ikkje nådd enno. Dei fleste får sjukdomen i januar.

Influensa

Nokre har alt fått influensaen. Men dei fleste får influensaen i januar.

Foto: Arkiv/Kallestad, Gorm / SCANPIX

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

I fjor var det svineinfluensaen som tok all merksemda. Men dei fleste kjem til å få andre typar influensa.

Hans Blystad, Folkehelseinstituttet

Hans Blystad i Folkehelseinstituttet.

Foto: Folkehelseinstituttet

– Vi reknar med at toppen kjem i januar. Noreg var eitt av landa i verda der flest vaksinerte seg mot svineinfluensa i fjor. Difor trur vi at fleire slepp unna det viruset i år, men heller får andre influensatypar, seier overlege ved Folkehelseinstituttet, Hans Blystad.

– Blir slapp og giddalaus

Caroline Kolflåth arbeider i klesbutikk i Molde. Ho er på jobb sjølv om ho har influensa. Ho smiler tappert men augene er blanke. Ho er ikkje i toppform, men fekk ikkje bytta bort vakta.

Caroline Kolflåth

Caroline Kolflåth har influensa. Men ho måtte likevel gå på jobb.

Foto: Aina Rødal / NRK

– Det er ikkje akkurat gøy å vere på jobb slik. Det er vel ingen som synest det. Ein blir slapp og giddalaus og orkar ikkje å gjere noko, seier Caroline Kolflåth.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Ingen vaksine

Caroline Kolflåth er ei av mange som ikkje har teke influensavaksine. Ho meiner det ikkje er så viktig å vaksinere seg.

– Det er ikkje naudsynt å ta vaksine mot alt, trur eg, seier ho.

– Så du overlever dette?

– Ja, hehe. Eg overlever ein influensa, seier Caroline Kolflåth.

– Hysteri i 2009

I fjor var det reine svineinfluensahusteriet, seier Trond Hansen Riise. Han var rektor ved Sunndal ungdomsskole då alle var opptekne av svineinfluensaen. Over halvparten av elevane møtte ikkje på skulen då eit par elevar fekk påvist svineinfluensa.

Trond Hansen Riise

Trond Hansen Riise meiner det blei hysteri sist svineinfluensaen herja.

Dei fleste som var borte var redde for å bli smitta. Medisinske ekspertar skisserte at det kunne bli fleire tusen døde berre i Noreg. Då tok angsten og frykta veldig mange, seier Trond Hansen Riise.

– Men det kan bli svineinfluensaår også denne gongen?

– Då får vi gjere som vi har gjort før, nemleg å ta forhåndsreglar. Er ein sjuk får ein vere forsiktig. Men det blei eit hysteri om dette som ikkje var berre godt, seier Trond Hansen Riise.