Reistad har vore leiar i Industrikraft Møre AS sidan 2006.
Sidan 2009 har selskapet hatt konsesjon til å byggje ut gasskraftverk med karbonfangst i Elnesvågen i Fræna. Det siste 1,5 året har det derimot vore stillstand i planane, etter negative tilbakemeldingar og usemje med myndigheitene. CO2-reinsing var eitt av punkta dei ikkje blei einige på.
– Industrikraft Møre har ligge på is i påvente av at ting skulle skje, seier Alf Reistad.
Og no skjer det ting. Teknologiselskapet Sargas har kjøpt 89 % av aksjane i Industrikraft Møre.
- LES OGSÅ:
– Dette er ei spennande utvikling. Sargas har kjøpt for å vidareutvikle og realisere planane om kortreist kraft og månelanding i Elnesvågen, fortel Reistad.
(Saka held fram under bildet)
– Gigantiske samarbeidspartnarar
– Kva inneber dette oppkjøpet?
– Det inneber at det blir starta opp igjen med fullt trøkk. Sargas, med sine samarbeidspartnarar som er gigantiske internasjonale selskap som General Electric og Daevo i Sør-Korea, vil satse fullt på dette spennande prosjektet.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Månelanding, som det blir referert til, handlar om nyskapande CO2-reinsing.
– Dette har vore diskutert i lang, lang tid, og det har kome mange forslag.
– Det som er realiteten er at regjeringa, gjennom det statseigde selskapet Gassnova, no har løyvd 150 millionar kroner til utgreiing. Dette blir utgreiing utover CO2-prosjektet på Mongstad, fortel Reistad.
Industrikraft Møre er eitt av prosjekta i planen til Gassnova.
– Det blir spennande å sjå den vidare gangen i dette?
– Ja, absolutt. Dette prosjektet har ligge på is såpass lenge. No er det spennande for oss som har jobba med prosjektet i mange år, at det endeleg tek ei offensiv endring, avsluttar leiar i Industrikraft Møre AS, Alf Reistad.
I følgje pressmeldinga til Sargas kan gasskraftverket i Elnesvågen stå klart allereie i 2016. Kraftverket som er planlangt skal funne fange inn om lag 90% av CO2-utsleppa.
Kraftverket skal levere straum til Ormen Lange, til offshore-innstallasjonar og til kraftnettet på land.